Meny Lukk

Mardi Gras Marathon – Everything is Big in America. Av Per Jon Sætre

Idèen dukka opp då eg søkte «Mardi Gras» på internettet ombord på «Bjørkhaug». Mardi Gras tyder forresten feitetysdag. I New Orleans byrjar feiringa lang tid i forvegen med mindre paradar rundt om i bydelane. Det heile kulminerer med ein stor parade på Mardi Gras-dagen, som det året (2008) fall på tysdag 5. februar. Den dagen var eg 150 nautiske mil ute i Mexicogolfen. Det var medan eg las om dei ulike arrangementa at eg oppdaga Mardi Gras Marathon (New Orleans Marathon). Løpet skulle gå av stabelen søndag 24. februar. Dagen etter at vi skulle ha mannskapsskifte.

Det hadde vore snyta artig å oppleve eit slikt arrangement! tenkte eg. Heile distansen var «out of question». Halve distansen, 21098 meter gjennom gatene i New Orleans, ville vere utfordring nok for ein som aldri har sprunge lenger enn Jonsokmila. Det byrja forresten bli nokre år sidan sist, det også. Sjølv om det eigentleg var 20 år og minst 10 kilo i seinaste laget, melde eg meg på halvmaraton. Skjønt melde meg på… Same kor eg prøvde, klarte eg ikkje å registrere meg. Tastaturet ombord mangla æ, ø og å – og banken ville tydelegvis ikkje godta ae for æ. I utgangspunktet var tanken å ikkje fortelje nokon heime om planane. No vart eg nøydd til å informere eldstedottera mi. Ho fiksa påmeldinga heimanfrå.

Eg hadde tre veker på meg til å kome i form! Trimapparatet ombord var ein trimsykkel som stod på brua. Når vêret var høveleg – det var det ofte i Mexicogolfen – brukte eg å ta med meg trimsykkelen ut på bruvengen og trakke ei mil, drygt 20 minutt, tre gongar i veka. Ikkje akkurat eit solid grunnlag for ein halvmaraton. Eg auka treningsdosen brutalt til 15 km på sykkelen, eller eg jogga fram og tilbake på toppen av hangardekket – 21 steg kvar veg – ein halv times tid kvar dag. Etter ei veke med «hardtrening» følte eg forma kome sigande. Men so enkelt skulle det ikkje gå. Rundt om på båten lurte nemleg lumske virus, som sidan fekk namnet kokkevirus etter opphavet. Det hadde seg nemleg slik at då kokken vår kom ombord etter ei skiferie i Austerrike, hadde han med ein «sturmtrupf», særdeles villstyrige forkjølingsvirus. Kokken hadde ikkje før sett sine bein på dekk, før dei austerrikske kokkevirusa byrja herje rundt om på båten. Best som eg nesten byrja føle meg sprek, vart eg overfallen av ein bande virus.

Immunforsvaret vart teke på senga. Lungene peip og nasen rann som ein fjellbekk i vårløysinga. Ambisjonane om å gjennomføre løpet med stil, fall til å fullføre – uansett stil. Heldigvis klarte heimevernet etter knallhard strid å drive kokkevirusa tilbake. Då var det mindre enn ei veke att til løpet. Eg gjennomførte først to korte sykkelturar, så to lange – 20 og 25 km – i veldig moderat tempo. Vêret var ikkje lagleg, men ikkje verre enn at eg om fredagen greidde å gjennomføre ein 10 minutts joggetur på dekk.

Spenningsmomentet heile veka var om det ville bli bra nok vêr til å gjennomføre mannskapsskiftet om laurdagen. Skiftet skulle foregå på denne måten. Først skulle vi skyssast frå «Bjørkhaug» med FRC (Fast Rescue Craft) over til moderskipet «Veritas Viking». Frå moderskipet skulle vi så flyge til Port Fourchon med helikopter.

Vêr vart det, men berre så vidt. I halvåtte-tida klatra eg ned losleideren og steig ombord i gummibåten. Bølgjene var såpass høge at det vart ein våtsam tur. Vi var elleve mann og to damer som skulle byte denne dagen. Akkurat ein helikopterlast. Ettersom heller mange av oss hadde høgre BMI enn idealvekta, fekk vi ikkje ha med meir enn ti kilo bagasje kvar i helikopteret. Helikopterturen frå «Veritas Viking» til Port Fourchon gjekk dels i sol, dels i skodde. Frå Port Fourchon skyssa agenten oss i minibuss til New Orleans Airport, ein tur på drygt ein time gjennom eit landskap som er så flatt at det får Danmark til å sjå ut som ei berg- og dalbane. Hotellet eg skulle bu på, låg fem minutts køyretur unna flyplassen. Eg kom dit om lag klokka 12. Etter ein rask tur på romet, tok eg drosje til sentrum, til Hotel Hilton for å hente startpakken til løpet.

Everything is big in America

Hilton var enormt. Utdelinga av startnummer etc. gjekk føre seg inst i ein diger sal. For å kome dit måtte eg gjennom ei svær salsmesse av sportsutstyr. Eg fekk startnummer 5088. Ein langerma genser i lettpustande stoff var inkludert i startkontingenten. Til eit so langt løp, trong eg skikkelege joggesko. Asics GT høyrdest passeleg sprekt ut. Dessutan sat dei godt på foten. Men å springe over to mil i hakke nye joggesko? Ved ein disk fann eg ei glider-stift mot gnagsår. Om det var glidervoksen som gjorde utslaget skal vere usagt, men eg hadde ikkje antydning til gnagsår korkje under eller etter løpet. Ettersom eg var avhengig av å ha med meg nokre dollar under løpet – for ikkje å snakke om kopi av passet! – kjøpte eg meg ei spesial-rumpetaske for jogging. I tillegg til passkopi og papirpengar, fekk eg også plass til mobilen i rumpetaska. For å ikkje gå tom for energi under løpet, hamstra eg «energy beans», «energy gel» og «energy bars».

Resten av ettermiddagen spaserte eg rundt i byen og såg meg om. Først langs Mississippi, så ein «obligatorisk» tur innom det franske kvarteret. Det var laurdag og eit yrande folkeliv med levande brass- og dixieland-musikk og annan underhaldning i gatene.

Før eg gjekk til køys, gjorde eg alt klart. I startpakken låg startnummeret og ein mikrochip som skulle festast på reima på den eine skoen. ’No chip – no time!!’ stod det å lese i bruksanvisninga. Skulle eg miste chipen undervegs, vanka det 30 dollar i bot!

Eg stilte mobilen på revelje kl. 05.30. Eg var våken allereie klokka fem. Frukost var ein kopp te og ein «energy bar». Sjølv om løpet ikkje skulle starte før klokka sju, tok eg taxi rett etter frukosten. Eg kom til Louisiana Superdome omlag klokka ti på seks. Området krydde allereie av folk. Det var eit kjøleg drag i lufta denne morgonen, og dei øvste etasjane av Hotel Sheraton og andre høghus raga opp i skodda. Dei sprekaste varma opp. Eg sparde på kreftene.

Eg søkte meg bakover frå startflagget, til løparane ikkje såg altfor spreke ut. Her stilte eg meg klar til start. Mange stilte i Mardi Gras-effekter. Farga hår og rare hattar. Fargerike perlekjeder av glas var spesielt populært. Rett før start stemte arrangørane i med den amerikanske nasjonalsongen. Alle med caps og hue reiv av seg desse til ære for flagget. Presis klokka sju gjekk starten. Første kilometerane gjekk i luffetempo. Ettersom eg ikkje hadde gidda varme opp, passa opningstempoet meg heilt fint. Straks etter start gjorde løypa ei sløyfe innom det franske kvarteret. Først gjennom Bourbon Street, so parallellgata Royal Street tilbake. Her var gatene ujamne og so fulle av hol, spesielt langs trikkeskinnene, at ein måtte konsentrere seg for ikkje å snuble. Under løpet var alle gatene vi sprang, stengde for all trafikk.

Etter turen gjennom det franske kvarteret kom vi inn i St. Charles Avenue, ei lang, lang, uendeleg lang gate gjennom eit strøk, som – i følgje brosjyra – for hundre år sidan var eit av New Orleans sine mest fasjonable. Fordums prakt var ikkje vanskeleg å spore. Gata sjølv var delt av ein fem meter breid midtrabatt – ein plen med trikkeskinner midt på. Eg var heldig med ’feltet’ eg starta i. Dei heldt jamn luffefart, perfekt for meg. Ei god stund før eg kom til Audobon Park, der løypa snudde, møtte vi ’kanonane’ i fint driv på veg tilbake i motgåande felt.

Etter kvart vart nok dei fargerike perlekjeda trasige og springe med. Vegkantane låg strødde av perlekjeder folk kasta av seg. Eg passa på å drikke ved kvar einaste drikkestasjon. På den første drakk eg både vatn og Gatorade. Men vatnet var så fullt av klor at eg sidan heldt meg til eit pappbeger Gatorade pr. stasjon. Det var klor i dette også, men energistoffet døyvde klorsmaken. Mange hadde på seg belte med drikkeflasker. Fleire småflasker rundt livet var mest pop. Ein stilte sågar med «camelback». Ettersom det også var ganske kjøleg – sola titta ikkje fram før mot slutten av løpet – gjekk det heilt greit med berre eit halvfullt drikkebeger pr. stasjon. Rundt kvar drikkestasjon var for øvrig gata ’flislagt’ av flattrakka drikkebeger.

Ved inngangen til Audobon Park stod eit band og spelte gla`jazz. Liflege tonar kom godt med. Sjølv om eg var berre omlag halvvegs, byrja eg bli ganske stiv i lårmuskulaturen. I leggane kjente eg merkeleg nok ingen ting. Ein annan plass det byrja røyne på, var under føtene. Hælane var okay, men fotblada byrja merke julinga mot asfalten. Såre føter var prisen å betale for å legge ut på langtur utan skikkeleg løpstrening. Eg lunta vidare.

Det var inspirerande å kome ut av den lange sløyfa gjennom Audobon Park, og møte ei stròd av løparar på veg inn i parken. So var eg i alle fall ikkje i bakarste pulje! No byrja også fleire av dei eg hadde sprunge saman med meir eller mindre sidan start, å henge etter. Samstundes tok eg att folk som hadde starta for optimistisk. Ørsakte drog eg inn på eit par kvinnemenneske med slagordet «Eat our dust» på ryggen av T-skjortene. Same kor sveitten rann og lungene peip som mottetne sekkepiper, vart utfordringa for freistande. At jentene nok berre var halvparten av min alder fekk ikkje hjelpe. Eg gumla «energy-beans» og åt meg innpå – til det var dei som «åt» støvet etter meg.

Langs heile trasèen stod folk og heia: – You`re looking good! Den beit eg ikkje på. Sopass kjenner eg meg sjølv at eg veit at når eg byrjar bli gåen, so ser eg endå dårlegare ut enn eg føler meg.

Løypa var svært mangelfullt merka. Ikkje eit einaste skilt opplyste om kor langt det var att til mål. Eg var difor yttarst forsiktig med å ta ut for mykje. Der var fleire som sleit vanvittig tungt mot slutten. Først då eg fekk Louisiana Superdome i sikte, våga eg tru at eg skulle kome meg gjennom løpet utan å måtte gå ein einaste gong. Som kua i stivbeint galopp «jaga» eg opp Poydras Street mot mål.

Den offisielle tida vart 2.13.59. Men tida skjemmer ingen – i alle fall var eg nøgd mot min bakgrunn av mangelfull trening og overvektig korpus. Det siste resultatet av å vere for glad i mat, para med altfor flinke stuertar og kokkar ombord. Det beste av alt venta rett etter målpassering. Medaljen: «New Orleans Half Marathon – Finisher!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *