Guttorm J. Myklebust (1861-1948) voks opp som einebarn i Guttormegarden på Myklebust. Frå unge år dreiv han sjøen vinterstida, rakk å vere styrmann ei fiskje på ottring (møring?). På dekksbåt var han skipper i tjuge år. Men då motor-tida kom frå 1907-08, slutta han på sjøen. Doktor har han søkt for ein finger som gjorde seg vrang etter ongullstikk i torskelinetida. Den fingeren vart for alltid ubrukande. Han fekk skøyte på farsgarden, og dreiv garden godt. Ei arbeidskjempe. Ryggen krokna no på slutten, men like til ulukkes-henda batt han til senga, var han med i alt gardsarbeid, ute og inne, i slåtten og andre vinner, henta husdyra heim frå skogen og fjellet, alltid på farten som om elda ingen makt hadde over han. Og preikesundagen rusla han lett som ingenting den milelange vegen til kyrkja. Guttorm var rettenkt og framsynt. Han var medlem i skulestyre og likningskommisjon før Vartdal vart utskilt frå Hareid og Ulstein. Frå 1895 var han den fyrste varaordføraren i Vartdal kommune. Det var han ogso i den neste valbolken, til 1901, endå taktiske umsyn jamt har tala for ikkje å velja både ordførar og varaordførar frå same enden av heradet. I formannskapet sat han 1905-1910, i heradsstyret slutta han fyrst i 1922, hadde då vore med i 8 valbolkar. Elles var han mykje nytta som skyns-, doms- og utskiftingsmann. I overformynderiet, der han no, 1940, sluttar, kom han inn i 1897. Guttorm og kona Ingeborg Anna frå Bigset i Hareid, fekk 8-åtte-born. Borna «Thea», Jon, Ole, Knut, Olga og Inga vart verande i heimbygda, medan sønene Andreas og Gustav begge utdanna seg til lærar. Dei budde på høvesvis Eikrem i Volda og i Kolvereid i Nord-Trøndelag.