Meny Lukk

Ein revolusjon i det små – Av R[asmus] S[teinsvik]

Sunnmøringen er havbu elder strandbu, og alle havbuar er seige i sinn, seine i utvikling og sterke i ovtru og vanar. Det som er, det held sunnmøringen på; for kor gale det er, so veit han då, at det «gjeng an». Men det nye uprøvde er han rædd; for gud veit kva det kann føra til. – Hev han ein båt som han hev gjort god fiskje med, so let han ikkje den båten frå seg so lett, for det kunne henda lukka fylgde den båten.

For eit uppstyr der vart på Sunnmøre for ein del år sidan, då ein mann freista skape um «sunnmørsotringen». Kor riste dei ikkje på hovudet gamlekarane som hadde reist både sør og nord på gamle-otringane! Der vart fliring og fnising og spottord nok. Frå munn til munn gjekk det, at det nokon tenkje te gjere uppatt gamlekarane, nei det skulde han ikkje.

Men den mannen som tok til med freistningane var likeso seig på sitt, som alle hine på sitt. Han gav seg ikkje. Han tok spotten på seg og fekk til eit nytt båtskap, elder rettare, ein ny seglbunad og eit båtskap som høvde til seglet; for seglet var det viktugaste. Og han var på havet og kom att, han ilag med hine. Og endå hadde han langt mindre stræv under siglasen han enn dei.

So vart der fleire som freista. Men gamlingane riste på hovudet, log og banna. Betre båtar enn gamle-otringane var ikkje råd te få til, prøve det kven som vilde. Eg veit, at han Nils-Jo-svor på, at fyrr han skulde kasta pengar burt på slik drepargreie fyrr vilde han slutta med heile fiskriet. Og mest alle andre sa det same.

Men fleire og fleire vart der som freista nybåtane likevæl. Og dei drap seg ikkje meir dei enn andre. Men dei hadde ein god del mindre bry.

Tume for tume sleit nyeskapet seg fram. Men frå 1880 og utetter kom det yver folk som ei sykje. Den fekk seg «møringsbåt» og den fekk seg «møringsbåt». Det var som ei farsott. Den eine fekk det av den andre. Og når alle hine kosta seg «møringsbåt», so kunne det ikkje nytte anna for han Nils-Jo helder. Og so kløyvde han gamlebåten sin etter ryggen og piksa sidene upp for ein lødevegg.

På mindre enn 10 år var heile den stor skaren av gamleotringar som nedsokne. So no er det berre 2-mastringar og 1-mastringar med overlag vent skorne snedsegl, som stryk ut etter fjordane ikring kyndelsmiss, blanke og bjarte, og som sig innetter fjordane ved påsketider, noko skura og flekkete av den stygge vås-bolken.

Det var ein revolusjon, og ein revolusjon som kosta pengar. Ein båt med utstyr millom 500 og 800 kr. Og likevæl gjekk dei med dei seige sunnmøringar, som er so rædd det nye.

Men skulde det båtspursmålet vore avgjort ved lov og røystefleirtal, då hadde den gamle sunnmørsotringen vorte like so seig å få av bruk som sjølve «Pontoppidants Forklaring».

Fedraheimen 17. august 1889