Meny Lukk

Vartdal og grenda Eikrem i Sula

I dagens Vartdal finst det sikkert ein og annan som kjenner folk frå gardane Eikrem, Eikremsvikane og (fråflytte) Eikremshjellen i Sula. Men for dei fleste er det ei grend, ein stad ein ikkje har noko forhold til. Slik var det ikkje i gamletida, i hundreåra før 1900. Ein kan mellom anna sjå det av at fleire frå vår side av Storfjorden la sitt vaksenliv til gardane i og ikring Eikrem. Og på 1700-talet vart fire personar frå Eikrem, samt ei kvinne frå Eikremshjellen, gift til gardsbruk i Vartdal. Brørne Ola og Ola var av dei sistnemnde. Ja, du las rett, begge heitte Ola, og dei var heilsysken. For på den tid var det ikkje uvanleg at sysken fekk same namnet. Sidan mange born døydde små, var dette ein måte å auke moglegheita for at ættenamna «overlevde». På Sunnmøre skal det ha funnest døme på tre brør Ola, som alle nådde vaksen alder.

Ola Larsson Flåskjer (1711-178?) var eldst av dei to brørne frå Eikrem. Han var fyrst gift med Guri frå Midtgard i Sykkylven. Dei to borna deira flytta frå Vartdal. Også Ola Larsson Buset (1716-1772) var gift med ei sykkylvskvinne, Kari Jetmundsdotter Brunstad. Etterkomarar av Ola og Kari dreiv gard på Buset til 1882. Lisbet Nilssdotter Eikrem (1730-e1801) var gift 1751 til Åmundegarden Sætre og er formor til ei mengd nolevande vartdalingar. To år seinare, i 1753, gifta Ingeborg Ellingsdotter Eikremshjellen (1734-1800) seg med brukaren av Pegarden Sørevartdal, flust opp av dagens vartdalingar er hennar etterkomarar (underskrivne ein av dei). Nille Åmundsdotter Eikrem (1765-1835) var gardkone i Ivagarden Volle. Også ho er formor til mang ein kropp på Vartdalsstranda.

Hin vegen fór Sissel Olsdotter Masdal (1696-1744). Ho var gift ein enkjemann i einbølte Eikremsvikane, og mor til seks born. Ein av sønene, Kolbein, var gift med Brite Kortsdotter Romestrand (1712-1765) og tok over bruket i Eikremsvikane. Knut Olsson Saltre (Berg) (1775-1850) var gift 1801 med ei 21 år gammal enkje på Eikrem og vart far til minst seks born. Villik Ellingsson Barstad (1795-1837) og kona Barbro Ananiassdotter Nørevartdal (1798-1836) dreiv Eikremshjellen til dei døde i heller ung alder. Dei fem små borna deira enda opp i Borgund og Haram prestegjeld. Kristiane Olsd Rot (1789-1862) var frå 1840 plassekone på Brauta under Eikremsvikane. Brørne Åmund (1816-1873) og Anders Ivarssøner Årskog (1819-1883) bygsla kvart sitt bruk i Eikremsgrenda. Åmund gifta seg jordajenta i Bakkegarden på Eikrem (1), få år seinare bygsla broren Anders den einbølte Eikremshjellen. Etterkomarane til begge Ivarssønene flytta vekk frå grenda. På Eikremshjellen kom ein ny Anders, han var frå Rekedal i Hjørundfjord. Som enkjemann gifta Anders O. Hjellen seg med Karen Eliassdotter Romestrand (1858-1941). Ho vart stemor til mange born på Eikremshjellen.

Hopehavet med Eikrem strekte seg forbi utvekslinga av folk. Truleg viktigare for kontakta var tilgangen på byggevirke. I Vartdal hadde det vore skort på tømmerskog sidan 1600-åra. Gjennom det fyrste hundreåret av hollendartida, sei 1550 til 1650, vart mest all furuskogen i bygdene langs Vartdalsstranda seld til oppkjøparar frå Nederlanda. Stoda var annleis på Eikrem. På side 180 i «Borgund og Giske», band III, vert opplyst at i Eikrems-utmarka har det «alltid vore skog, både til husbruk og sal». Fram til slutten av 1880-åra stod saga på Eikrem «nede ved sjøen, ved elva», på ein plass ved Storfjorden som framleis vert kalla Saga. «Der saga dei for seg [sjølve], og tok mot tømmer for andre, det vart då fløytt dit på fjorden». Ingen stad med furuskog og sag låg så kortreist til for vartdalingane som Eikrem. Alternative skogbygder som Skodje og Volda låg vesentleg lenger unna. Skurlast frå Eikrem kunne ein frakte heim på eigen kjøl i løpet av dagen. Mang ei røykstove i 1800-talets Vartdal var bygt av byggmaterial frå Eikrem, anten det no var av nyskorne bord, eller ein hadde kjøpt og rive eit eldre hus på Eikrem, for så å setje det opp att på eigne tufter.

1 kommentar

  1. Knut Romestrand

    Diktaren Arnt Eikremsvik kom frå Vikane som vi ser borti frå Kortegarden. Han hadde ein bror som vart kalla Vike-Karl. Ein gong stod han Karl ved husa her på Romestrand og snakka med nokre andre karar. Mor hans var død for ikkje lenge sidan. Då sa han Karl: » De va so mykje medisin atte ette hinnje mor. Men no he ej å hanj (her sa han namnet på ein son, men namnet hass veit eg ikkje) greitt å terpa nå ti oss. Dei var nøysame borti Vikane.

Kommentarer er stengt.