Meny Lukk

Folk frå fortida – Sverre Flåskjer

Sverre Flåskjer (1903-1989) arbeidde på farsgarden og var med på faren sin fiskebåt eit par-tre vintersfiskje, før han 1920/21 gjekk «ungdomsskule» i Ulsteinvik. Der etter byrja han på Volda Lærarskule, tok eksamen i 1924. Omgåande fekk han jobb som lærar ved Årsetdalen skule. Folkeleg og liketil kom han lett inn mellom born og vaksne, heiter det i Vartdalssoga. Etter 46 år i skulestova fekk han avskil i 1970. Det skulle tilseie at samtlege fødd den femtiårige perioden 1912 til 1962, og oppvaksne i trekanten Stupeneset-Kvia-Flåvika, har hatt Sverre til lærar. Ein grunn til at Sverre fekk lærarstillinga, var at han kunne spele orgel og såleis vere organist i Vartdal kyrkje. «Han e heldige, han Sverre, han he betaling for å gå i kjirkjå», vart det sagt ein gong i 1930-åra. Ombodet som organist trakterte han til tidleg syttital. Han var elles sentral i song og musikklivet i bygda, dirigent og korleiar i fleire tiår. Tildelt Kongens fortenestemedalje i 1964. Åra 1927 til 1929 var han formann i Årsetdalen skyttarlag. Flåskjer kjøpte bil i 1929. Han bytta i 1935 til ein Chevrolet, med dette køyretyet pløgde han vegen langs Flåskjerstranda. Tidleg fekk han drosjeløyve, sa dette frå seg i 1975. Helgane hende det han køyrde ungdom til fest i Vartdal-bygdene og til Ørsta, og frakta dei berusa vel heim ut på natta. Mangeårig styremedlem i NAF Sunnmøre. Jamsides var han frå sist i 1920-åra ein av Sunnmørsposten sine meldarar, hundrevis av notisar skal han ha levert avisa. Under andre verdskrigen var han med i motstandsrørsla, rømde frå Gestapo i april 1945 og levde nærare tre veker på flukt i utmarka (Sjå Minne frå Vartdalsstranda 2021 s. 7) Medlem i heradsstyret 1956-59.

Sverre Flåskjer, sitjande til venstre, den tida han var elev på lærarskulen.