Båten var 32 fot med ein 10 hestars Grei motor med oppfyring. Det var enkle motorar som måtte oppfyrast med eit glødehaud. Litt plunder med fyringa var det, men dei var stødige motorar.
Båten var bygd i Romsdal i 1924. Dei eigarane ein veit om før han kom til Barstadvik, var Magne Sætre, Reidar Sætre og Einar Vartdal. Dei selde båten til Ålesund, og så kjøpte Ole A. Barstad og Arne O. Barstad han i 1942. Før heitte han «Sport», men vart her heitande «Vargen». Men for bygdefolket vart namnet «Verdensfjord». Sjølvsagt var det eit storgromt namn, men båten var med på så mykje og så mange fantastiske fiske og så utrulege seilasar at bygdefolket meinte at namnet var rett.
Om lag med det same vart båten vekkleigd til brørne Johan og Peder Godø. Dei dreiv linefiske ut på Mebotnane. Arne O. Barstad var med. Ein gong med full last heldt dei på å forlise. Faren Ole hadde ein agentbåt som herrefolket rekvirerte, og Ole som eigar og førar måtte vere med. Han fekk ikkje drive Verdensfjord.
Men Arne tok styringa med båten. Han fekk med seg Jørgen Romestrand og tok til med garnfiske. Med gamle garn vart det heller lite med pengar, men det var krig og lite å finne på. På Tueneset var det festning, og ein måtte passere på god avstand. Men Arne brydde seg ikkje, og dei vart nær skotne i senk.
Oljemangelen var stor, men Arne gjorde seg hjelpt. Agentbåten Becko, oppkalla etter firmaet han gjekk for, Birkevoll & Co. Han vart no utsett for sabotasje. Arne var kjentmann, og om natta borda dei. Med ein slange som hevert, som karane hadde prøvd ut i små forhold og visste virka, gjekk det svint å fylle tankane på Verdensfjord.
Etter nokre gonger fekk far hans mistanke om at der var nattlege besøk. Han var klar over at Arne var syndaren. Ole måtte ta fantane fatt og gjere dei kjende med at han var ansvarleg for all olje overfor herrefolket. Og fekk dei mistanke, kunne både han og røvarane kome på rosagolvet.
Så var det andre turar, med fiskemjøl frå Mylna på Hareid til pelsdyr-karane. Til Ålesund på Sirkus Arnardo, der det var utselt. Nybø-Nils varskudde: – Hald dykk ved båten, vi skal inn! Nils varskudde sjefen, Arnardo, at her hadde dei teke ekstrabåt innanfrå fjordane, og no fekk dei ikkje sleppe inn. Det var ei skam! Alle saman kom inn.
Så var det turar på stemne og fotballkampar. Og inn til Øye i Norangsdalen på fest, der Øye-karane stilte med hardingfele på scena til langt på natt. Arne var skipper, maskinist og navigatør.
Så skulle det vere festligheiter i ei løde inne på Hjørundfjordstranda. Arne fyrte opp Verdensfjord, og vi tok laust. Men der vi skulle i land, fanst ikkje kai. Arne sette ein mann fram på baugen med lommelykt for å finne ei god stød. Resten skulle han ta seg av. Verdensfjord vart send opp i støda, og vi sat godt. Då det leid på natta, kom vi attende og skulle skuve av garde. Vi fann då Verdensfjord ståande trygt og godt på land. Båten vog sine dryge kilogram. Det vart å gå oppatt i løda og leggje seg i høyet til det vart flod.