Ein gong før kyrkjebøkene for Ulstein prestegjeld brende opp i 1832, gifta Sibella Ivarsdotter Masdal (1793-1838) seg med den om lag 13 år yngre Ola Mattiasson Furnes (1806-1850) i Sula. Han var gardbrukar i det som seinare vart heitande Larsgarden. Korkje den eine eller den andre av dei vart gamle, heller ikkje den einaste sonen deira, Ingebrigt som døydde i sitt 35. år (1832-1867). Ola gjekk ikkje lenge enkjemann, året etter Sibella fall frå, gifte han seg på ny. Også den nye kona kom frå landsida av Storfjorden, ho heitte Johanne Olsdotter Volle (1805-1854) og var frå Ivagarden. Allereie det året ho vart enkje, gifta ho seg med Lars Larsson Bjørkavåg [Furnes]. Ei heller Johanne vart langliva, berre fire år etter ho ekta Lars, døydde ho. Den eldste av dei to gutane frå hennar fyrste ekteskap, Nikolai, si livsreise gjekk motsett veg. Han var fødd i 1840 og vart ganske sikkert teken hand om av slekt i Barstadvika. I vaksen alder fekk han rydde ein husmannsplass under Melbø der han og kona Jørgine vart foreldra til 10 born. (Vartdalssoga. Første bandet, s. 264f). Inglaug Lianes og Tove Farstad er begge etterkomarar av Johanne og Ola på Furnes.
Sibylla, den standardiserte forma av kvinnenamnet, var både den gongen og har seinare vore eit svært sjeldan namn i Norge.