Meny Lukk

Folk frå fortida – Lars O. Kvien

Lars Olsson Kvien (1868-1942) var frå Olagarden i Kvia. 23 år gammal var han i teneste i Martigarden i Sørevartdal, dit systera Marta var gift. På 1890-talet var han ein av dei som tok arbeid på Bodø Teglverk, om han reiste dit meir enn den eine gongen, det veit vel ingen. Ein gong i 1893 kleiv han til topps på Vassdalstinden, ein kjenner ikkje til at nokon namngjeven hadde vore der før honom. Lars var ikkje eldste guten i den store syskenflokken i Olagarden. Men då den eldre broren Mads utdanna seg til arbeid i skulestellet, og busette seg i Nord-Norge, fekk han burt på bruket. I 1900 kjøpte han Olagarden, gardsbruket far hans hadde drive som leiglending. To år seinare gifta han seg med Berte K. Myklebust frå Mikkelgarden, saman vart dei foreldre til Ola, Knut, Karen og Ivar. Lars glødde for skyttarsaka, formann i skyttarlaget 1899-1900 og 1902. Han vert elles skildra som ein interessert dyrehaldar. Kringom 1913-14 var Lars styremedlem i Vartdal landbrukslag, sidan aktiv som arrangør og deltakar i dyresjå. Treårsbolken 1923-25 var han medlem i heradsstyret. Etter Berte døydde frå han i 1926, gifte Lars seg oppatt med enkja Oline I. Myklebust i Knutegarden. Oline døydde den 15. januar 1942, Lars dagen etter. Dei vart gravlagde i lag den 20. januar.