Meny Lukk

Vegskade, 1909

Vandflom har under det voldsomme regn torsdag gjort adskillig skade paa veien langs Flaaskjerstranden, Vartdal. Alle mand har maattet avsted for at gjøre veien farbar igjen.

Søndmørsposten, mandag 22. november 1909.

Vartdalssoga, band II, s. 398f, gjer greie for arbeidet med å byggje veg frå Sørevartdal, gjennom Flåskjerstranda til Flåvika og vidare til soknegrensa mot Ørsta herad i Flåvikhaugane. Arbeidet vart sett i gong i 1880-åra og utført av ulike arbeidslag som opparbeidde bestemte strekningar. For å vegen ferdig vedtok Vartdal soknestyre å pålegge kvar enkelt brukar å gjere eit dagsverk mot bing. Vartdalingar bygde vegen til Flåvika. I 1889 arbeidde eit lag frå Eiksund i den siste stubben. Dermed hadde Vartdal fått vegsamband til Ørsta.

Paul R. Sætre, fødd i 1873, gjekk i barneåra berrføttes eit ærend til Ørstavik. Turen gjennom den steinete, urete, veglause strekninga mellom Flåvika og Rjåneset hugsa han lenge.

n. veglaus,e