Per Johannesson Årset (1882-1956) var frå Mellagen på Årset. Vinteren 1900-01 var han elev ved «Voldens forberedelseskurs». Sidan gjekk han lærarskulen på Elverum, uteksaminert i 1904. Per var lærar i Agdenes i Sør-Trøndelag åra 1906-12, og i Hommelvik 1912-19. Han underviste så ved Molde folkeskole i tida 1919-24, budde på Fuglset i Bolsøy kommune. Frå 1924 var han overlærar på Kolbotn skole i Oppegård i Akershus. Han gjekk for aldersgrensa i 1950. Per var formann i Agdenes skulestyre og medlem av Malvik heradsstyre, og i Oppegård representerte han Venstre både i heradsstyre og formannskap. Han sat òg i skulestyret i mange år, og var elles styremedlem i Akershus krins av Norges Lærerlag. Per var varmt knytt til heimegrendene, som han vitja så å seie årvisst. Han var ikkje lite av ein frilufts- og fjellmann. 70 år gamal tok han ut på ferd til India og Det fjerne aust. Per gifte seg i 1913 med Kristiane Jenssdotter Tynes frå Sykkylven, ho var åtte år eldre enn han. Før giftarmålet var Kristiane lærar i handarbeid på amtsskulen i Ørskog. Ingen born.