Meny Lukk

Det Sunnmøre som var

Or avisa Møre frå 1925: 23. 25. og 28. april (Peder P. Sørheim) og 2. mai (A.M.).

For Sunnmøre hev nok vinterfiskja havt mykje å segje frå utgamle tider. Årvisst hev sild og torsk gjesta Sunnmørsstrendene. Når avlingi var i hus komi var det å ruste seg til å møta torsken i februar og mars, nett som i våre dagar. Ofte kunde fengdi verte liti, men sunnmøringane hev aldri gjeve tapt. Ratt til våre dagar hev dei halde ut og prøvt å gjere vegn og bårtar so tidhøvelege som råd er. Menner som Klaus Nilsen, handelsmann på garden Sliningen i Borgund, og bonde og fiskar Rasmus Arnesen Molnes, Vigra, hev sett merke etter seg med å ta upp bruket av torskegarnet og lina.

Dei som no liver og stend mitt uppe i strævet hev lett for å gløyme desse som hev gått fyre. Tidi gjeng fort og stillt. Årane og seglet som før rådde på Sunnmørshavet er burte. No er det maskinene som rår grunnen. Den tid som var er ikkje meir, berre havet er det same. Og på dette havet prøver sunnmøringane lukka den dag i dag.

Men – å gløyma dei gamle er ikkje rett. Mange som enno liver og hev sett den svære utviklingi fiskardrifti hev gjort siste 60-70 åri kan fortelja oss mangt som er forvitneleg for vår maskintrælkartid. Difor hev eg prøvt å skrive ned nokre sogor, som ein 80 år gamal ørsting hev fortalt.

*

I

Ei reis frå Ørsta til Alnes i våre dagar er ingen ting. Det er berre å kravle seg umbord i motorbåten å setja igang maskina, so gjeng det av seg sjølv, og um ei 3-4 timar er ein framme. Fullt so fort gjekk det ikkje den vinteren eg skulde fylgja Otta Ose; men fram kom me no den gongen og.

Eg skulde vera med Bendik Alnes den vinteren. Og so høvde det seg slik at Otto Ose skulde liggja til fiskes på Alnes den vinteren, so eg skulde få fylgja honom nordover. Ein sunnanvindsdag tok me laust. Ute i Sandvikfjøra tok me inn stein. Men vinden auka slik at me tenkte å leggja oss fyre på Raudøysundet. Me kasta dreggen men me fekk ikkje fast. So laut me lensa av nordetter. Det vart ei fårleg sigling, småbåten me ha på slæp sigla soleis rundt tvo gonger.

Otto Ose skulde ha tvo mann på Nøre-Vartdal. Ein av desse skulde vera styrmann. Me kom nord til Vartdal, men bles gjorde det slik at me la oss fyre der. Um kvelden rauk det upp med storstorm so me laut ta båten og setja han på land. Me hadde han ratt fram til nausti, og sette han på tvers langs naustdørene. Men um morgonen kom folk og ropte at båten heldt på å flotne. Me laut so avstad å få han lenger fram.

På Nøre-Vartdal vart me verande i 8 dagar før me kunde reise vidare. Den dagen me reiste var det bra ver. Men på Alnes hadde båra lagt fram so mykje tare at me sonær ikkje hadde kome på land.

II

Det var ikkje so god hamn på Alnes i dei dagar som no. Leid ut i fiskja den vinteren vart det ein storstorm som gjorde mykje skade. Båra var stor so det ofte var vandt å kome umbord og ause båtane. Ein dag fekk eg og Bendik og ein annan av karane våre oss umbord og fekk ausa båten vår. Då me kom på land att reiste tri vartdalsstrandingar umbord og skulde ause sin båt. Men medan dei var umbord skaut båra so i, at det var rådlaust å kom på land att. Dei laut vere umbord i båten heile natti. Um morgonen låg molane av tri båtar og rak i dragsuget. Dei andre låg tungt på vatnet, so kom ikkje nokom umbord og fekk ause vilde dei vel sekke snart.

Vartdalsstrandingane fekk reisa mastri og strauk sin kos til Ålesund. Me som var på land prøvde tri gonger å kome oss umbord, men det var rådlaust. Båra fylte båten kvar gong. No var gode råd dyre. Båtane vilde snart søkkja um ikkje nokon kom seg umbord og fekk ause. Men å kome seg umbord frå Alnes var rådlaust.

Då tok eg og nokre andre og gjekk over fjellet til Valkvæe for å låna ein båt der, so me kunde ro ut og ause båtane. Jau, båt skulde me få låne. Men før me skulde reise var me ein tur upp-på Tua, og då fekk me sjå at det var komne folk umbord i båtane ute på Alneshamni. Båt etter båt mastra og kom innetter. Då hadde båra lagt seg so mykje folk hadde kome umbord frå Alnes.

Folket i Valkvæ sette oss umbord etter kvart båtane våre kom forbi på veg til Ålesund.

III

Um eg nokon gong hev vore i livsfåre på sjøen? Nei, det kan eg ikkje segja, men at det stundom hev sett stygt ut er sant.

Eit av dei åri eg var med Daniel Liadal hugsar eg godt. Me hadde ein dag garni utanfor Djupet. Det bles noko um morgonen, men ikkje verre enn me la i veg ut og skulde drage. Då me kom ut til Djupet møtte me snørebåtane. Dei hadde legje ute, men no hadde vinden friskna slik, at dei kunde ikkje vere ute lenger.

Me fann garni og fekk draga dei, men setja var rådlaust. Det var berre å setja segl og freista å koma oss inn til Djupet, men der siglde me overbord riggen. Skiva i ei blokk i hangerten hadde fare sund, og so hadde den granne jarnåsen skore spenne av. Det vart eit heilt bal å få mastri uppatt, so me kunde greida oss innatt. Lukka var at me hadde drege garni so me hadde nok togverk umbord; hadde ikkje det vore hadde eg vel knapt sete her. For båtar fanst det ikkje som me kunde sjå.

Me fekk uppatt mastri og sette segl, men me var komne so langt nord at det var rådlaust å kome inn att til Runde slik som det bles. Me laut stå innetter og kom innunder Alnestangen. Då tok det til å spakne sovidt at me gjorde oss til storkarar og meinte me skulde kryssa oss sudatt til Runde. Me kom oss midt sud på Djupet, men då var det rådlaust. Men la inn dei rev me kunde og stod innetter. Det var sovidt me låg upp for Hoggsteinen, so me kom oss inn til Ålesund.

Dagen etter (sundag) fekk me ein seglmakar til å stella til riggen, og måndag kom me utatt til Runde.

Der ute hadde alle syrgt oss av. Det siste Runde-karane hadde sett av oss, var at me reiste utum Djupet. Og då me ikkje kom innatt laurdagskvelden trudde alle me var burtkomne.

IV

Med same me snakkar um livsfåre kan eg nemne at eg vart verande berre ein vinter på Alnes hjå Bendik. Vinteren etter fekk eg tilbod på eit rom på Dju[v] og tok det; den vinteren kom Bendik Alnes vekk med alle sine menn. Kvifor eg flutte? Jau eg likte meg ikkje. Bendik var ein gild kar å vera saman med, men kona kunde eg ikkje lika. Fekk ho høyra at einkvan hadde fiska litt betre enn me, so vart det eit spetakel um kvifor me ikkje hadde havt garni der. Difor tenkte eg med meg: er det råd å få eit anna rom neste vinter so tek eg det.

Me òg var på sjøen den dagen Bendik kom vekk (eg var med Bern-Andreas på Dju). Noko storvêr var det ikkje, men det var litt skavl. Det var fleire båtar som såg på ulukka. Dei fortalde at Bendik nett hadde drege frå seg og låg og skulde få båten jamsett. Då fær han ein skavl som fyller båten. Båten søkk med same. Dei som prøvde å berge vart for seine. Alle bleiv.

V

Men eit storvarp gjorde me den vinteren eg var med Bendik Alnes, då me snytte storbåra. Ein kveld sist i fiskja rodde me og tvo Ålesunds-båtar innum Djupe berre. Svarten han ro svartestilla heilt innatt, tenkte me. Me sette toget og la oss fyre der ute den natti. Dei andre båtane reiste innatt. Berre me og dei tvo Ålesunds-båtane la oss fyre. Leid på morgonen tok det til å blåsa ein heil storm. Men me heldt ut til det ljosna. Då sette me segl og reiste ut og skulde få i garni. Me trefte godt strengen, men me sigla for lite frampå, so før me fekk leggja mastri og fekk ut årane dreiv me eit lite stykke forbi. Kor me sina og rodde og skulde koma oss framunder strengen hende det ikkje. Me laut til å røysa mastri att og sigla frampå. Dette hefte oss so mykje at dei tvo andre båtane som drog, vart ferduge før me hadde halvdrege. Då me sette segli att og stod ein baut vestetter minnast eg, at me siglde av storspennrongi, so noko lystsigling vart det ikkje nei.

Båtane som reiste heim kvelden før hadde vore utetter um morgonen, men det bles so at dei snudde. Dei fortalde då me kom innatt, at då kona til Bendik såg at me ikkje kom innatt um morgonen i lag med hine gjekk ho nedi fjøra og snipa og gret. Truleg hadde det ikkje vore so fårleg då um me ikkje var storfiskarar.

Det gjekk lenge før dei andre fekk att vegni. Og det dei fekk att var deretter, so me gjorde eit heilt storvarp den gongen.

VI

At fiskarane i gamle dagar ikkje vanta humør vil truleg denne soga syne: Det var ein stormdag for umlag 50 år sidan. Djussingane stod som vanleg nede på Haugen og såg i veret. Fjordkarane heldt seg innahyses og mangt eit spik vart gjort slike dagar.

Millom dei som rodde på Dju den vinteren var det nokre ørstingar. Ein av dei var svært glad i det sterke. Dette visste dei andre og nytta seg av det. Ølet han hadde med til fiskja var for lenge sidan alt[?], men dei andre hadde att. Mannen heitte Albert og var ein av dei som oftast fekk låtten på los.

Leid på dagen kjem ein inn og segjer til Albert: «Greider du å få djussingane uppatt i husi i dag skal du få ei pumpe øl.» Jau Albert var straks med. «Berre gå ned til dei de, eg kjem straks.»

Ei stund etter kjem Albert i styvlar og sjøtrøye. «Kor er det Sakse, eg skulde sendt heim nokre torskehaud åt kjeringi, men eg er so i beit for noko å sende dei, du vilde ikkje gjera vel å låna meg ei av likkistene du hev nede på naustbitane?»

Du kan tru Sakse vart sint. «Tvi!» frøste han, snudde heilt um og skunda seg uppatt med dei andre i hælane. Du kan tru me lo. Ha, ha. Javisst hender det ein kan ha moro i landlega og.

Albert fekk ølet og det totte me han hadde ærleg fortent.

VII

Litt moro måtte det vera dei lange landlegedagane. Og dei gamle var gode å fortelja sogor. Her er nokre slike: Gunnar heitte ein mann innanfrå Borgundsundet ein staden. Her eine hausten var han ute i Breisundet og skulde draga krabbetorsk. Gunnar var umlag 70 år den gongen, men som gamal styremann måtte han prøve fiskelukka enn. Han hadde med seg tri unggutar, og til båt hadde dei ein trirøring. Jau torsken beit rett gildt so dei drog ein heil del. Men då det leid på dagen bles han upp med ein nordausting so dei laut halde undan til Flø.

På Flø vart dei vel mottekne, og ein mann let dei få sengerom på loftet i stova si. Då det leid på natti måtte Gunnar ein tur ut sjølve seg, som gamalt folk ofte lyt. Han famla seg ned troppi. Myrkt var det og han var ukjend, og i myrkre kom han til å take feil i stovedøri og utedøri. Dette ansa ikkje Gunnar. Han gjorde det han skulde, sto ei stund og såg i «veret». Sa so med seg sjølv med same han let att døri: «Javisst var han tung og lodin ute».

VIII

Her er ein vess fjordakarane brukte når dei vilde arga øyakarane: He hå o Hengebor adde ein gris i op. Men he hå o Hengebor kom til dæ hatt dæ gjekk hakkurat hupp i hupp.

IX

Dirnes-Ola som budde i Liadal var si etter det sterke. Ein gong han hadde vore fram i marki og hogt ved hadde han hogt seg litt i eine foten. Brennevin visste han var godt på sår. Sjølv hadde han inkje, men han tykkes minnast at Arne Håvoll hadde namne av sterkt. Dit gjekk han skulde få seg nokre dropar å smyrje på. Jau han fekk upp i eit drammeglas med brennevin, men då han fekk det i handi smatta han med tunga og sa: «Eg trur eg tek det inn». Um det hjelpte? Javisst hjelpte det, sa han. Det var det han visste det: brennevin var makelaust for allslags sjukdom.

X

Eit av dei åri eg rodde på Dju, låg der ein me kalla Hjørungnes-Hans til fiskes der. Han var styrmann og hadde eigen båt å styre. Ein sunnanvindsdag låg me og Hans og ein annan Djussbåt og sette ute på Store-Byra. Då me hadde sett siglde me innover. Me laut gå inn Giskesundet, då me ikkje låg han upp for Lesten. Giskesundet låg i eit einaste rok, som vanleg når det var sunnanvind, so det vart ei fårleg sigling. Han fór eit stykke i fyrevegen, men antan du vil tru meg eller ei såg eg i kjølen på båten hans fleire gonger.

Me siglde gjennom Holmesundet. Der laut me ro so me skulde kome oss so langt sud for Sandneset som råd var. Då me kom oss i høgd med Hans låg han og skulde vinde upp seglet. Medan dreiv han ned på oss so han braut av styreåri si.

Innover leidi siglde me på same måten: Hans ein grand i fyrevegen og me etter. Då me kom inn under Tueneset hadde Hans snutt. Me same me hadde snutt og låg skulde få upp seglet kom Hans forbi, og me same høyrde me han rope at dei skulde slå ein gong til. Med same kom der ei brose so me fekk nok med å tenkja på oss sjølve. Då brosa var over var det ein av karane våre som ropte at no kollsiglde Hans. Eg let seglet gå med ein gong. Då eg snudde meg og skulde sjå vart eg var ein som låg og flaut eit stykke framfor båten vår. Eg fekk tak i han sovidt me berga han. Det var ein frå Barstadviki som var kjempekar på båten hans Hans. Den andre Djussbåten fekk berga ein, det var alt.

Eg treiv framskautet vårt og fekk slå ned um framstamnen deira. Han Didrik (styrmann på den andre båten) la båten sin fast i oss. Me tenkte me kunde få turka upp sovidt me fekk berg seglet. Men det var rådlaust, me laut sleppa.

Heimatt kom me ikkje den kvelden. Medan me låg skulde berge hadde me drive so langt nordetter at me fann det rettast å lensa av inn til Ålesund.

Fire gjeve sunnmørsfiskarar hadde den dagen fenge gravi si på den store kyrkjegarden – havet.

*

Det er hugnadsamt å lese forteljingane i «Møre» av den 80 år gamle ørstingen om «Det Sunnmøre som var». – Berre det skulde eg ynska at han hadde med nokre årstal. Ein annan gamal ørsting, nokre og sytti år gl. fortalde i går i tilknytnad til same sogone: Eg hugsar godt den ottringen til Otta Ose og Smådal-Knut som dei laut draga i land på Nøre-Vartdal. Det var ein av dei siste av gamlesorten fyrr dei tok til med å rigge dei um.

Det slo ofte godt til med fiski i 60åri og mange her frå Ørsta, serleg ungdomar, kjøpte seg båtar; men styremenn laut dei få seg andre stader ifrå, og dei var ikkje alltid so vise å take, for styremannsromet kravde noko anna til mann den tidi enn no, det var sanneleg ikkje eit verk for skorungar å passe både styrevolen og skautet på dei gamle ottringane når det var ålvor med vêret, og godt kjende på havet måtte dei vera.

Du veit at gamlekarane, slik som Albrigt Mele, Anders Digernes, gamle-Nils Liadal og Elias-Pe` i Bjørdalen alltid førde båtane sine sjølve; men all ungdomen som skaffa seg båt i dei åri laut i fyrstningi få framande til å læra seg upp.

80-åringen fortalde at Otta Ose rodde i 2 år på Alnes; men han skulde ogso fortalt kor det hadde seg at han laut fara derifrå. – Det hadde seg slik at dei var so yvertruiske folket ute på Alnes den tidi; men dei trudde på haugbokkar og huldrer vel so fast som på Vårherre. Midt i garden låg der ei røys uppmura med eit par hellor yver, og denne røysi hadde alle stor age for; haugbokkane budde nemleg i den og dei måtte ingen fornærme. Ørstingane heldt mykje ap med dei for dette, og ein landlegedag kom Otta og Smådal-Knut med kvar sin staur og tok til å lette på øvste hella. Men då vart ikkje alnesingane blide. Reint ifrå seg yver vitløysa kom dei mannsterke og hindra vådeverket og meinte på at det nok vilde spyrjast ulukkor etter slikt. – Året etter vart Otta nekta hus av alle på Alnes, og sidan rodde han i «Holmen».

Forlisa:

*Hans Knutsson Kolvik forliste 25. februar 1867. I Band II av Vartdalssoga (s. 351f.) er referert det Johannes S. Nørevartdal (1840-1929) og Laurits K. Grønnevet (1874-1959) skreiv om dette forliset. Steina-Johans hevdar at seks mann bleiv, det er meir truleg enn dei fire som Peder P. Sørheim er referert på i avisartikkelen. Villik Knutsson Masdal, f. 1823, var ein av dei som omkom, han var bror til Hjørnes-Hans. Kjempemannen Sivert M. Barstad var den eine som vart berga.

*Bendik Arnesson Alnes forliste 18. mars 1872. I «Folk ved havet III» skriv Bjarne Rabben at «Mannskapet på fem omkom». Klokkarboka 1864-80 for Borgund listar opp sju «Druknet» den dagen. Omframt Bendik er seks sulamittar namngjevne: tre frå Bjørkavåg, dei andre frå Solavåg, Furnes og Mauseidvåg. Truleg var dei sju karar om bord i «ottringen» hans Bendik den lagnadstunge marsdagen. Rabben sine oversikter over omkomne på havet er ikkje alltid fullstendige.

Personopplysingar:

*Otta/Otto Olsson Ose (1834-1880), gardbrukar Ose 7 Ottaholen. Bror til Johannes Ouse, kjøpmann i Ålesund, som åtte Furkenholmen ei tid.

*Bendik Arnesson Alnes (1828-1872), brukte Nilsgarden Alnes 9.

*Daniel Nilsson Liadal (1843-1914), utvandra til USA. Son til seinare nemnde Nils Liadal.

*Andreas Berntsson Dyb (1845-1912), brukte Berngarden Djuv 5.

*Dirnes-Ola/Ola Samundsson Liadal (1795-1875), brukte Haraldsgarden Liadal 2.

*Arne Sjursson Håvoll (1794-1873), brukte Håvoll 1.

*Hjørnes-Hans/Hans Knutsson Kolvik (1839-1867), brukte Kolvik 2 i Borgund. Hans var frå Hjørungnes i Hareid.

*Kjempekaren var Sivert M. Barstad (1843-1920), brukte Olagarden Barstad 9.

*Didrik Larsson Djuv (1827-1895), brukte Rasmusgarden Djuv 3.

*Smådal-Knut, Knut Hansson Ose (1838-1898), brukte Smådalane Ose

*Tre brør frå Digernes: Albrigt Nilsson Mele (1801-1873), brukte Mele 1. Anders Nilsson Digernes (1804-1870), brukte Bøgarden Digernes 1. Nils Nilsson Liadal (1806-1890) brukte Bøgarden Liadal 4.

*Per Eliasson Bjørdal (1820-1891), brukte Eljasgarden Bjørdal 7.