Alle flagg tiltops yver heile Møre fylke 29de november.
Opningsdagen 29. må alle flagg tiltops yver heile Møre fylke. Rjømegraut eller anna god mat må me alle ha den dagen. Det er ein dag me alle hev lengta etter. Eg tok til å tru, at eg ikkje skulde live so lenge, at den dagen kom. Bergensbana kom og likeeins Dovrebana, medan me i Møre fylke mest berre slost um kvar bana skulde gå og fekk – inkje. Men berre skade var det då ikkje, at bana kom seint. Og so verte det eit kulturelt samband. Eg trur, at både aust- og vestlendingar hev mykje å læra av kvarandre. Norge må meir og meir verte ei. Mørefolk i andre landsluter vil sikkert feire opningsdagen.
Or Søndmørsposten 25. november 1924