Meny Lukk

Folk frå fortida – Ivar Volle (1862-1947)

Ivar Volle (1862-1947) var frå 1885 gardbrukar på farsgarden Ivagarden på Vollane. I 1892 eller -93 byrja han med sundagsskule i Barstadvika. Etter ein lengre pause, var han sundagsskulelærar heilt til 1935. Han var òg misjonsven, såleis var han i 1931 formann i Vartdal misjonsforeining av Det norske misjonsselskap, ei foreining som hadde gjeve «umlag 50.000 kroner» sidan det vart skipa i 1891. Ved hundreårsskiftet tok han også til med eit kinamisjonslag som «arbeidde bra i ti år». Kring midten av 1890-åra var Ivar ein av dei som erfarte det slitsame teglverksarbeidet i Bodø. Han var med i skulestyret frå 1895, sidan medlem av heradsstyret 1910-12 og 1919-21. I august 1914, etter storkrigen i Europa braut ut, valde heradsstyret Ivar og broren Johs Volle i Nøre-Vartdal, samt Lars H. Sætre til provianteringsråd. I mellomkrigsåra var Ivar ei tid medlem av fattigstyret og av soknerådet. «Då han døydde, fråbad han seg kransar. Pengar til såvore skulle gjevast til misjonen.» Ivar var gift 1897 med Jakobine Villiksdotter f. Masdal (1862-1936). Dei vart foreldre til Olav f. 1899, Petra [Festøy] f. 1901, Nikoline [Standal] f. 1903 og Ingvald f. 1906.