Ole P. Myklebust (1837-1925), sagt Ola, var frå Ivagarden Myklebust. I 1867 kjøpte han halve farsgarden av Ørsta kyrkje for 322 spesiedalar, broren Mads kjøpte hi halva. Året før hadde Ola gifta seg Gurine i Guttormegarden. Dei vart med tida foreldre til fem born. Det er fortalt at Bakke-Ola skal ha hatt ei grisepurke framme i sætremarka. Purka skulle ha grisungar, så han gjekk fram i marka og såg etter henne. Framom Gjære-ledet komen, møtte han purka med tolv ungar. Vidare er sagt at han bar grisungane heim i ei trebytte. Eitt år føre jula kjøpte han seg parafinlampe. ([I] 1870 åra kunne ein sjå dei fyrste parafinlampane på Sunnmøre, skriv O. Bjørlykke i ’Lys og lysreiskapar på Sunnmøre’.) Julaftan kveikte dei lampen, og alle kom i undring over det grumme ljoset. Då dei hadde lese juleevangeliet sa Ola at «no kan dokke slekkje lampen for fadervåret kan eg uto.»
Om gamle Bakke-Ola kan ein trygt seie, at her hev ein mann av den gamle garde gått til kvile. Han var fødd og fostra i ei langt anna tid, enn me lever i. Ei tid som var trongare og knappare på so mange måtar både i levevis og klædebunad. Det var ikkje so godt å få kjøpe alt, og difor måtte ein prøve å gjere seg sjølvhjelpt på alle leider – og «henge» i med arbeidet både på sjø og land. Denne tida merkte mannen, og det er få ein so råkande og sant kan bruke ordet «trufast arbeidsmann» om som han. Han sparde seg ikkje, men hekk i tidleg og seint, og mykje fekk han gjort. Det fylgde ikkje mykje høgferd og bråk med han; men stillfarande og fredleg i all si ferd, – trufast og seig i alt sitt arbeid. (R. i Smp 26.2.1925)