Meny Lukk

Folk frå fortida – Synneve Hanssdotter Kvia

Synneve Hanssdotter Kvia (1799-1897) var fødd i Eljasgarden på Årset. Som jentunge sat ho opp i Sæsshornet og gjette, då ho fekk sjå engelske krigsskip skyte ute i Breisundet. Frå barne- og ungdomsåra fortalde ho at «det var så smått om fisk, at folk la seg att heime og dreiv tjørebrenning». Ho gjekk sjølv «med mat til karane når dei dreiv borte på Årsetgjerdet og reiv rot og brende tjøre». I dei dagar høyrde Vartdal inn under Ørsta skipreide. Årleg var gardbrukarane pliktige å arbeide 8 dagar på vegane i skipreidet. Sidan det då ikkje fanst ein offentleg vegstubb på Vartdalsstranda, vart det å reise ut av bygda til dette pliktarbeidet. Eit år var vartdalingar med på byggje veg i Follestaddalen, Synneve var då kokk åt arbeidskarane frå Vartdal. I 1826 gifte ho seg Mass Knutsson Kvia. Fire born voks opp i heimen deira. Dei tre eldste vart bondefolk i Kvia, yngstemann Sivert vart gift til Remen. Eldstejenta Karen var gift med granneguten Ola, dei tok over farsgarden hennar, som sidan vart heitande Olagarden. Hilde gifte seg med Olavius, bror til Ola, dei dreiv farsgarden hans. Så er vi komne fram til Peder M. Kvien, eldste sonen hennar Synneve, som bygde hus på Kviebøen. Han var i tillegg til jordbruket, lærar, kjend som Kvie-Pe.