Meny Lukk

Folk frå fortida – Johan O. Vartdal

Johan O. Vartdal (1899-1978) var gardbrukar i Villikegarden i Nøre-Vartdal. Etter far hans døydde i 1910 og mora måtte gå frå gard og grunn, voks Johan opp hos farbroren Bernt og kona hans, Ingeborg, i Villikegarden. Dei var barnlause, så Johan tok i si tid over garden og dreiv ein, etter lokale tilhøve, måteleg stor gard med mjølkekyr, sauer og pelsdyr. Til liks med dei fleste jamaldra karar dreiv han jamnt småsjøen. På 1950-talet kjøpte han ein firehjulstraktor, kanskje var han den einaste i bygda fødd før 1900 som køyrde firhjular. Aust om Vilke-tunet let han ungdomen i bygda byggje ein idrettsplass i 1940- og tidlege 1950-år. Frå 1950 til 1955 spelte Nordre Vartdal Idrettslag her seriefotball mot lag som Herd, Hareid, Heia, Hovdebygda og fleire. Johan levde ugift. I 1965 flytta brordottera Inglaug Lianes og familien hennar til Villikegarden og tok over drifta av bruket. Johan var ein roleg kar, som ikkje laga dei store fakter.