Meny Lukk

Koppevaksine-attest

Frå mine barnedagar som elev ved høgskulen i Nøre-Vartdal meiner eg å hugse eit biletgalleri bakarst i ei lærebok, det må ha vore ei naturfagbok, med portrett av karar som hadde gjort menneskeheita store tenester. Ein av desse var Edward Jenner. Han oppdaga korleis ein skulle verne seg mot den svært alvorlege og ofte dødelege koppe-sjukdomen. Eit arbeid og eit funn som frå 1797 leia fram til verdas fyrste vaksineprogram.

3. april 1810 vedtok Kongen i København ei forordning «for Danmark og Norge ang. Vakcinationen» av «Børne-kopper». Vaksinasjonsprogrammet vart lista opp i 27 paragrafar. Til sist ritar ein opp kva opplysningar som skal vere med i ein «Kokoppe-Indpodnings-Attest».

Eg veit ikkje når vaksineprogrammet mot koppar kom i gong i våre bygder. Hadde ikkje kyrkjebøkene for Ulstein prestegjeld gått opp i røyk i 1832, kunne ein slått det fast. For jamsides opplysningar om dåpsdata, konfirmasjon og dødsdata, vart også utført vaksinering innført i kyrkjebøkene. Så viktig var det å få vaksinert spedborna.

Olavius Olsson Kaldhol (1798-1857) var fyrste vaksinatøren i prestegjeldet. Han kan ha fått jobben ettersom han var kyrkjesongar, og såleis rekna som ein flink og trurøken kar. I 2003, i samband med at Helge Masdal gav den såkalla Masdal-bibelen til Sunnmøre Museum, synte han underskrivne og Jakob Gjersdal ein koppe-attest frå 1820-åra, ein attest Kaldhol hadde underskrive etter å ha vaksinert ein av forfedrane hans Helge. Slike attestar fekk foreldre til alle vaksinerte born, rett nok forenkla når ein kjem ut på 1900-talet. Folk tok vare på desse attestane, dei kunne verte viktige når ein søkte arbeid eller skulle flytte, ikkje minst i høve utvandring.

Svein Kristoffersen har teke vare på nokre eignelutar etter farmora, Vidia Kristoffersen. Ein kokoppe-innpodings-attest, som er heilt identisk med skjemaet frå 1810, viser at hjelpevaksinatør Karoline Sørestrand vaksinerte «Vidia Riggine» på Årskog den 17. juli 1888, då Vidia var halvtanna år gammal.

No i dag har eg sjølv vorte vaksinert, ikkje mot kukoppar, den vaksinen fekk eg for stokkete sidan. Men at eg høgaktar førnemnde Jenner, og andre som har forska fram vaksinar, det skal vere visst.