Tommesina, eller Tomasine, vart konfirmert i den gamle Hareids-kyrkja hausten 1867. Ho stod på plass nummer 19, soknepresten noterte at ho hadde «Meget ringe evner» men slapp henne likevel fram. Ved folketeljinga i 1875 arbeidde ho heime hos foreldra på Flåskjer. I 1891 var ho sysselsett med spinning og veving, samt «Ånnearbeide», budde i lag med den 75 år gamle mor si. År 1900 levde Tomesina av «Eget erhverv og midler», heiter det. Ti år seinare var mora død, Tomesina budde då åleine i ei lita stove, heilt innåt gamletuna på garden. Der budde ho livet ut, dei siste åra ho levde fekk ho litt stønad frå fattigkassa. Ho døydde «fredsælt» etter «ei kort sjukelege» den 19. juni 1928. Året etter auksjonerte fattigstyret i Vartdal eiga hennar, det kom då inn kroner 376,96 til heradskassa.