Hallvard Kleiva «reiste til Island på snurpefiske; men vart hard forkjølt på oversiglinga og måtte leggje seg inn på Sjømannsheimen i Siglufjord. Der fekk han sidan lungebetendelse, og hjernebetendelse og døydde 24. august etter 4-5 viker sjukelege. Hallvard Kleiva var ein godhjarta og staut ungdom. I heimen er eit stort tomrom etter ein gjæv son og snild bror. Skyttarlaget har misst ein av sine beste og mest ihuga skyttarar, ungdomslaget ein staut lagslem, og bygda har vorte ein gild ungdom fatigare. Han vart gravlagt 11. september 1931 i Vartdal kyrkjegard. Alle barne- og ungdomsvenene kom for å fylgje han frå heimen til grava. På båra vart nedlagt kransar frå foreldre og syskin, frå slekt, barnevener, gardsfolket, ds. «Havmann»s rederi, ds. «Havmann»s mannskap, frå ungdomslaget og frå skyttarlaget. Etter kransepåleggjinga vart sunge alle seks strofane av «Du reiste på ferd so ung og sterk».
Or Sunnmørsposten, 29. september 1931.
Hallvard Kleiva var eldst av dei to sønene til Anna og Salmund Kleiva i Hallvardgarden Sørevartdal, og nest eldst av dei åtte syskena. Gravsteinen syner at han døydde den 23. august 1931. Han var 20 år gammal.