Andreas A. Sætre [1858-1951] i Vartdal – eller «Åmund-Andreas» som er det best kjente namnet hans millom sunnmørsfiskarane – er ein av våre gjævaste nolivande veteranar frå «Åttring-tida». Vinteren etter han var konfirmert var han med far sin på si fyrste vinterfiskja. Han var då i 15 års alderen. Sidan dreiv han kvar vinterfiskja til han var 65 år. Dei fyrste vintrane var han med far sin på ein av dei gamle «møringsbåtane», som fiskarane gav kjælenamnet «Flatbrennara». Dei båtar var bra siglarar, men dugde ikkje å krysse med, då dei hadde berre eit segl. Han har vore skipper på åttringar og dek[k]sbåtar, både utan maskin og med maskin. Har vore med og røynt alle store umskifte med fiskevegna og båttypone. Dei fleste vinterfiskja har han rodd frå Alnes, men ogso nokre vintrar frå Valkvæ og Furkenholmen. Han var ein av dei heldigaste skipperane som dreiv vinterfiskja i Giske distrikt. Hans gløggsyn og djerve vågemot var det nok som gjorde honom til ein slik heldig fiskar. Tiltak og hard drift var vel ein stor prosent av grunnen til fiskelukka. Han la til havs um det ofte var «ruskutt å leggja utpå». Dei gjævaste skipperar får oftast det gjævast båtlaget. – Av det dugande båtlaget hans Åmund-Andreas må serleg nemnast Johannes K. Vartdal og Johannes R. Sætre. Desse tre har vore ilag til havs og til lands som sams båteigarar i 35 år. Det har ikkje vore mytteri ombord kvart år hjå dei karane. Åmund-Andreas er no 73 år gamal. Han har før havt god helse, men no tek magen til å gjere seg litt vanskeleg. Me ser honom sjeldan på «børsen» no, og me saknar hans kloke vitsfulle replikkar. Han var ein av desse heldige utrusta med helse, evne og vilje til å kunne ta ein tørn både på sjø og land. Ja, ein av desse som «grev rike skattar» langt ute på fårlege blåmyra, byggjer seg ein fager heim og dyrkar garden sin til ein mynstergard. Dermed byggjer dei ogso si bygd og sitt land. Det er slike søner mor Noreg treng. Etter eit slikt dådfullt liv må det vera gildt å få liva og sjå attende – men ogso gildt å få døy. Me takkar for ditt gode fyredøme, og me ynskjer deg ein ljos og god livskveld.
Vartdal i september 1931. Sambygdingar
Sunnmørsposten, 25. september 1931.