Mattias Jakobsson Nørevartdal (1850-1912) var eldst av dei åtte syskena som voks opp i Pegarden i siste halvdelen av 1800-talet. Så å seie brennsikkert vart han fødd på jordgolvet heime i røykstova i klyngjetunet i Nørevartdal. «Eg har fått mange born på bæa», har mora Amundia fortalt. I vaksen alder var Mattias med på å flytte Pe-husa til nytt tun sør/vest om Storelva, til der tyftene sidan låg. Mattias gifte seg 1882 med Marie Larssdotter Lynge (Pe-Marja, sidan). Dei vart foreldre til Søster Anna og to gutar. Eldsteguten Laurits døydde av engelsk sykje 8 år gammal. Dermed vart det Jakob (1888-1926) som førte Pe-slekta vidare. I vintersfiskja var Mattias styremann på ein båt han åtte i lag med broren Johan. Ganske sikkert var det ein møringsbåt. Kring 1886-87 var Mattias ein av dei fyrste som flytta til Alnes og dreiv fiskja derifrå. I 1886 fekk han jobben med å halde oversyn med arbeidet, då gardbrukarane i kyrkjesoknet vart pliktige å levere stein til kyrkjegardsmuren. Mattias kom i 1895 med i fattigstyret for den nyskipa Vartdal kommune, truleg trekte han seg etter treårsperioden. Vinteren 1912 døydde han av hjerneslag.