Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Dorte Romestrand

Dorte Kristoffersdotter Romestrand (1825-1907) var yngst av fire sysken i Ivagarden der. 40 år gammal var ho tenestejente på husmannplassen Hjellen under Romestrand. To år seinare, i 1867, gifte ho seg i Borgund-kyrkja med Martinus Pålsson Tronstad (1831-1909), ein kar opphavleg frå Sunnylven. Same året fekk dei dottera Petrine i lag. Den same Martinus hadde elles vorte far allereie tre år tidlegare. Ei kvinne frå (truleg) Aukra hadde sett til verda guten Edvard, far Martinus Tronstad. År 1869 bygsla Martinus småbruket Blomvikrabben i Sula, men berre to år seinare flytta familien til Ålesund. I 1875 budde dei i eit hus i Buholmsstranda. Tre andre familiar og ei ugift kvinne hadde òg heim i huset, alle familiefedrane livnærte seg av «Forskjelligt Dagarbeide». I det same huset kunne ein då ha støytt på treåringen Jakobine, ho som i si tid gifte seg med Hans Barstad og reiste motsett veg av det «Dårte» gjorde. Jakobine er «for-mor» til ein heil gjeng frå Barstadvika og vidare. Dorte og «Bryggearbeider» Martinus budde visstnok i Buholmsstranda til dei døydde, det er tenkeleg at dei heldt til i eit av dei husa som ikkje vart råka under bybrannen. Petrine, dottera til Dorte og Martinus, var gift med bysbarnet Peder Paulsen. Ei tid etter foreldra var døde, kan det vere at Petrine med mann og barn utvandra til Nord-Amerika.