Meny Lukk

Folk frå fortida – Dagny Volle

Klokkardottera Dagny Volle (1900-1989) frå Nøre-Vartdal gjekk Møre Folkehøgskule skulevinteren 1918/19. Der «lærte vi å te oss skikkeleg», fortalde Dagny til Misjonstidende nummer 21 av 1987. På folkehøgskulen vart dei servert salt «sild og ball anna kvar dag» og av og til kvalkjøtkaker, «fersk fisk fanst ikkje». På 1920-talet gjekk Dagny nærare tre år på husmor- og husstellskule ved Hamar. Dei neste åra måtte ho slå gjennom som best ho kunne, faste stillingar i den retning ho utdanna seg fanst mest ikkje. Våren 1931 vikarierte ho på Fjordane fylkesskule på Nordfjordeid. I 1933 heldt ho kurs i heimbygda Nøre-Vartdal og på Soltjeld i grannebygda. Ut på 1930-talet fanga ho interesse for Oxford-rørsla. Ei tid kring 1938-39 arbeidde ho ved Søre Sunnmøre sjukehus, visstnok som kjøkensjef. Straks før 1940 fekk Dagny stilling som husmor på Statens Tuberkulosesanatorim i Talvik i Vest-Finnmark. Her kom ho midt opp i det då den tyske krigsmakta hausten 1944 la Talvik i ruinar. Heile sanatoriet byrja evakuere, alt medan dei tyske soldatane sette heile strandstaden i logar. Mange av pasientane døydde undervegs til eit liv lenger sør i Noreg. I 1948 byrja ho jobbe som husmor på ein landbruksskule ved Mo i Rana. Etter nokre år i Nordland flytta ho til Finnmark. Frå 1955 arbeidde ho som husstellærar på Norges Kristelige Ungdoms Forbund sin vandrande husmorskule. Skulen var ofte på flyttefot, 1956 i Båtsfjord og 1957 i Honningsvåg. Vinteren 1958 heldt skulen til i Vest-Finnmark, skuleåret 1960/61 i Indre Billefjord i Porsanger. Så barst det vestover att til Hasvik. Til jula i 1965 hadde Dagny sin arbeidsplass på husmorskulen, som då ho sa farvel til lærargjerninga heldt hus i Mehamn på nordaustkysten av Finnmarka. Som pensjonist fekk ho kjøpt ei tomt av Jogarden i Nøre-Vartdal. Der fekk ho bygt seg bustad og flytta inn i 1968?. To år før ho døydde testamenterte ho den same eigedomen til Det Norske Misjonsselskap.