Meny Lukk

Festen i Barstadvik

i går med tilføre at arbeidet på landgangsbrygga no er ferdig, samla overfyllt hus. Der var talar av handelsmann H. Barstad, bonde L.K. Grønnevet, ordførar Ola Erdal, lærar [Anders] Hilde og bonde Steinar Buset. Festlyden sende sovore telegram til hamnedirektør Smith: «Møtelyden i Barstadvik samla til fest i tilføre opninga av landgangsmoloen her sender hamnedirektøren si beste helsing og takk for den lange og trugne arbeidsdagen i det norske hamnevesen og for moloen her i ser. Me ynskjer signing over alderdomen Dykkar». Same telegram vart sendt arbeidsformann Johs Feden [frå Dalsfjord]. Båe sluttar no arbeidet i hamnestellet.

Or Søndmørsposten 6. oktober 1924