Heimbygda mi heiter Nørdre-Vartdal. Ho ligg ved Vartdalfjorden. Hjørungavåg der Håkon Jarl heldt slag med Jomsvikingane, ligg på andre sida. På båe sidor av N. Vartdal stend høge fjell, Vartdalhornet og Årskogfjellet. Uppe i Årskogfjellet ein stad er eit bratt stup, og der bur den namngjetne «Isflåmannen» som varslar styggever. I røyndi er det som ein liten vulkan, og gamle folk segjer at når han skyt, vert det styggever i tri vikor, og oftast slær det til òg.
Gjennom dalen renn ei elv og kløyver bygdi i to. Ho kjem frå Åvatnet som ligg langt framme i dalen. Ei gamal segn segjer: Eingong vilde nokre karar måla kor djupt vatnet var. I enden av eit langt tog feste dei ei sylvskål med lok og firde ned. Skåli var so laga at når dei firde ned, heldt loket seg uppe; men so snart dei tok til å draga upp, for loket att. Dei nådde ikkje botn, men då dei drog uppatt, segjer segni at det var sjøvatn i skåli. Etter den tid heiter det at Åvatnet er botnlaust.
Nede med sjøen stend kyrkja på eit nes som heiter Øyraneset. Ho var bygd 1876 og er soleis ikkje sers gamal.
Langsmed heile strandi er det landeveg, elles er det køyrande til kvar einaste gard, og no kann ein køyra heilt til sætri vår òg.
Um vinteren driv karane fiske ute på Sunnmørshavet. Eingong i fjor vinter fekk eg òg vera med ut på havet og draga torskegarn. Og um morgonen då soli steig upp um fjelltindane, og alle båtane stemnde til havs, vart eg so hugteken av det fagre synet, at eg gløymde reint både sjøverken og alt anna.
Or Norsk Barneblad nr 8, 1927.