Ein kjenner til berre to kvinner i Vartdal som har heitt Guni. Guni Hanssdotter Flåskjer (1756-1837) var opphavleg frå Ytre-Steinnes i Ørsta. Så var det Guni Johannessdotter Myklebust frå Knutegarden der. Ho var fødd i 1811 og døydde allereie 1838. Så vidt ein kan sjå, var dei to ikkje i nær slekt. Namnet Guni hadde i desse hundreåra, det 18. og det 19. eit slags kjerneområde i landbygdene på Søre Sunnmøre (Ørsta, Volda, Vanylven) og i ytre Nordfjord. Elles fanst Guni i fleire bygder i Sør-Norge, både i aust og vest. Guni, også uttalt Gunni, kan synest framandt. Men det er rett og slett ein nedslipt variant av Gudny, altså ei avleiing eller ei forvansking.