Meny Lukk

Vartdal-brev til «Søndmørsposten». Av Paal P. Myklebust

Du veit kor det i vår teikna til våtår att, liksom før dei siste tri fire åra. Men juli kom med mange gilde sumardagar. Regnde gjorde det durabelt oftare enn ynskjeleg ogso fyrst i slåttonna. Men det var so lætt mildt ver, at regnet gjorde helst berre godt. Og den herlege godversbolken i august gav ei glad overtyding um at det enno kann vera sumar her ogso – likevel.

Det vart eit godt høyår. Og godt kom høyet i hus. Kornhesjane står gule og pene, kornaksa er lubne og tunge. Det vert bra godt korn i år – betre enn på lang tid. Potetone har ikkje nokon teke upp enno, anna enn til kvart til husbruk. Ser mest ut for det blir ’kje so bra med poteter som i fjord.

Feitsilda sveik oss i år. Ei mengd med småsild stod lenge langsmed stranda, men ho var so pitrande lita at ho var ikkje brukande. Voner ho kjem att når ho blir større. Han Myr-Ola fekk ei natt mange pene feitsilder i garna sine, eg fekk nokre med honom, dei smakte rett godt. Men nemnande feitsildfiske vart det ikkje dessverre. Tvo tri styrjevodor fór også gjenom fjorden. Dei var visstnokk berre på gjenomreise. Dei hadde hastverk, skulde langt lenger, såg det ut for. Kann hende dei vart skremde her i fjor, då mange av slektningane deira vart drepne eller såra. Unggutane Alv Berg og Harald Bjørndal laga seg i fjor ei harpun av ein høykrok. Og dei fekk på land nokre styrjor med den harpuna si. Ein gong batt dei ei stor sildgarnblåse i enden på linestrengen. So stakk dei ei styrje, som i ei fart drog lina ut or båten. Gutane stolte på garnblåsa, men burte vart både styrja og garnblåsa. No hadde dei misst harpuna og heile greida, trudde dei. Men um ei stund fauk garnblåsa høgt upp over vatsflata. Taket i styrja var utrivna, so ho slapp med skrekken den gongen. Når alt heldt vart det både fårlege og morosame slæpeturar før styrjone sprengdest. Siste gongen stakk dei eit stort beist, som sleit av linestrengen tett attmed harpuna. Og dagen etterpå fiska dei inne i Austefjorden ei styrje som bar på – ein høykrok.

Ho Knute-Sevrina på Myklebust er snart 72 år, men det ser ho ikkje ut til. Ein laurdag i vinter bar snøen godt eller «han var avrong» som me ogso kallar det – då var ho Sevrina i lag med dei andre og drog bjørkastrongar langt ovanfrå bratte skogen. Og um morgonen klokka 6 gjekk ho heimafrå i lag med nokre ungdomar til Ørstakyrkja – inn Vassdalen og tilbake Skorgedalen. Kom so nokon å segja at her ikkje enno finnst viking-to!

Hundrad år er ho snart, ho Lisa Myklebust. Den 31. juli fyllte ho sitt 99. år. Hadde alle vore som ho, so hadde doktorane vorte arbeidsledige. Ho er åndsfrisk og likamsfrisk. Ho les i bøker og blad utan brillor. I sumar hjelpte ho til med slåttonna, og skunda på dei andre, når ho tykte det gjekk for seint.

Politikken har eg ikkje lagt meg noko burt i. Men kvar gong eg ser det vert gjort svik og urett mot folk og land, då brenn eg av heilag harm og ynskjer «dei hadde evnor for ti kvar einaste sanningskjempa, som lygna vil døyva og dempa». At landet vårt til dømes vil tene mange millionar på det at folk byrjar å drikke meir rusdrykk – det skyner eg ikkje. Tvo bondelags-menn har freiste umvende meg til bondelaget, men det har dei ikkje greidt enno. – Dei same som her på Møre no er «bondelags-spissar» – dei ofra alt for fråhaldssaka for nokre år sidan. Å få ein dugande bonde til stortinget var ikkje so um-å-gjere for dei – den gongen. No tek dei ikkje det so nøgje med fråhaldssaka. Alt medrekna so brydder det i meg ein liten mistanke um at bondelag-spissane sine idelaer må vera dei same som eg hadde den gongen eg freista med detnye partiet mitt – Paulianarane.

Ei stølshelg og mange gilde fjellturar har eg vore med på i sumar. Laurdag fyre stølshelga var det gråver og regn. Det teikna ikkje til godver for dei mange som skulde på stølshelg, når morgondagen kom. Sætra vår, den fagre Grytastøylen – miste sela sine for nokre år sidan, so eg hadde inga von um å kome på stølsvitjing. Når eg tenkte på regnveret og den vonlause stølshelga mi, so var det vel ikkje stort å undrast på at det var litt gråver også i hug og sinn. Eg slo stutt-høy i Bakke-rustene nedmed Storelva den laurdagen. Regnet og Storelva song ein pessimistisk melodi, tykte eg. Men då høyrde eg brått tvo fagre sopran-røyster, som ropte på meg. Og fram millom hatlerunnane kom sætergjentone Tora og Aslaug springande berrføtte og fjellfriske med sæterdåm over seg. Dei skulde be meg til bryllaups – eg måtte endeleg kome til vitjarhelga på Skorgestøylen imorgo, sa dei. Då kann de tru eg takka det beste eg hadde lært. Og som ljose solstrålar kvar sætergjentone burt millom myrke hatlerunnane. Den lange sætervegen skremde ikkje dei. – Av vergudane fekk me herlegt ynskjever, og av sætergjentone fekk me rjomeringje og rjomegraut med meirsmak på. Ute på selvollen vart det sidan «leik og sprang på den grøne vang». I kvilestundene var ordet fritt, og då fortalde sætergjentone komiske og tragiske eventyr frå sæterlivet. Han Pe-Knut peika på ei stupbratt bergside og fortalde um den gongen han såg 12 kjyr kanta der utfyre og vart til kjøtdeig. Ei enkje miste den dagen 7 kjyr. Ikkje langt derifrå slo ein unggut seg ihel , han våga seg for langt utpå etter rjupone i snøsleipa. Ei sætergjente fortalde frå godmor si um den tid bjørnen ofte vitja Skorgestøylen.Elles hadde fleire av sætergjentone sjølve i uversmyrke haustkveldar – helst Barsoknatta – med sine eigne øyro høyrt tunge steg utfor selmuren, sa dei. Det var kje alltid berre moro å vere sætergjente. Forteljingane sette støkk i fantasien vår. Enn um ei veldig stor bjørnebinne med års- og fjors-ungen sin kom setjande! Burte frå Blåvatnet høyrdest vådeskrik so varslande stygt. – Men det var berre to ljomar som skreik. Dei sola seg der burtpå vatnet og stal av auren som gjorde kåte byks høgt over vatsflata. For all den gilde auren i Skorgedalsvatnom skal det vera han Buset-Per som er – far. Mange år sidan bar han der upp fleire spanner med aure frå elvane heime.

Til Saudehornet hadde me lagt lag ein flokk ungdomar. Nokre jentor og han Rasmus, kjentmannen, gjekk upp Brekkone og inn Skorgedalen. Han Guttorm, Sigvald, Einar og eg tenkte då at sidan dei ikkje kunne vente til me kom, so skulde med ta ein snarveg og bli før enn dei andre. Men hovmod står for fall. Ingen av oss var kjende på den rette snarvegen, me gjekk oss fast ei stund i flogbratte svaberget, og vart sopass hefta der, at dei andre vart litt før oss til varden. Og då hauka dei jubelskrik ned til oss, som kom uppetter snøbreden. Serleg var gjentone krye. Tri gjentor og tvo gutar frå Ørsta var der ogso, eg veit ikkje meir enn namnet på tvo av dei, – og dei var tapre, vakre gjentor og staute gutar. Til Saudehornet er godt å gå, når ein gjeng upp frå Skorgedalen. Nokon kvardags-veg er det nok ikkje – ein får ikkje vera skral i kne eller bryst. Serleg må eg skryte av gjentone som greidde turen so godt. Men so var det nokk ogso likaste gjentone som var med. Dei er væl verd å bli nemnde. Det var ho – Oddny, Liv, Gina og Ragna. Det er eit storfelt utsyn frå Saudehornet – 4200 fot over havet. Å stå der uppe ved varden ein klår sumardag er ei herleg ugløymande openbering. Me song «Dei gamle fjell», «Millom berg og berg», «No ser eg atter slike fjell og dalar». Og me skreiv våre store namn på små papirstrimlar og gøymde dei i flaskone som er vel forvara inne i varden. Med me sat der og kvilde leitte me nista fram. Og nistematen smaka godt der uppe på «den høgste tind». Til slutt ropte me hurra for dei norske fjell. Og byrja so på nedvegen. På den store evige Blåbreden gjekk det rennande snøgt nedover i lange bratte leier. Me rende oss på stavane våre, på steinhellor og stundom på sjølve brokbaken. Sidan bar det nedover Skorgedalen – den fagre fjelldalen med dei mange vatn og sæterstøylar. Men sætergjentone og buskapen var reiste heimatt, so me høyrde ikkje kulokk og bjølleklong. Berre ei lita sau-bjølle tinkla langt uppe i Trollkoppen. Og fjellelva song einsleg i døkke haustkvelden.

Vartdal i september 1924.

Or Søndmørsposten, onsdag 1. oktober 1924.