Sommaren/hausten 1945 kom Vartdal Turn- og Idrottslag i gong att etter fem års stillstand. Frå slutten av 1920-åra breidde tanken om folkebad seg i by i bygd, bad der kvar og ein kunne få vaska kroppen sin skikkeleg rein. Interessa for allmenn reinsemd breidde om seg. Alt fleire større bygder fekk reist badstover, bygg av ymse storleik og standard. Tanken om badstove hadde vore framme også i Vartdal, mellom anna slo Hans E Vartdal i 1938 frampå om badstove i heradsstyret. Med formann Jostein Kleiva i spissen bygde VTI badstove på Remane hausten 1945. Her vart sett opp ei trebygning, stor 3-3,5 meter brei og 5 til 6 meter lang, meiner Bjarte Vartdal. Ei rekneskapsbok syner at idrettslaget den 1. november betalte «A. Rønneberg» kr 481,60. Rønneberg, som var far til krigsheltane Erling og Joachim, skal ha vore som ein konsulent for tiltaket. Tidleg i desember bokførte badstova kr 450,12 i inntekt frå ein fest, ei dryg veke seinare heldt gjengen fest i Åmdalen og fekk inn kr 70,06. Elles lånte badstova 700 kroner av Idrettslaget og ein mottok fleire forskot, uvisst frå kven. Ørsta Bruk A/S leverte material og tilfang for kr 1782,58 og Bj. Sætre (Haug-Bjarne) må ha vore byggmeister då han ut i januar 1946 fekk utbetalt kr 665,30. Badstova vart kanskje teken i bruk allereie i desember 1945, seinast frå nyåret 1946. Ho skal ha vore flittig brukt dei fyrste åra. Inntektene åra 1949 til 1954 tyder på ein noko mindre bruk. Kor som er, badstova var i alle år eit økonomisk underskotsføretak. Etter 1955 stod nok badstova ubrukt.
Ein av dei som lauga seg i badstova, er Bjarte Vartdal, f. 1934. Etter han og dei andre hadde fått hita seg opp inne i badstova, barst det ut i snøen, eller om det var snøbert, kunne dei hoppe i nokre myrpyttar attved badehuset. Badstova var i bruk i sesongen mellom det vart slutt med å bade i elva og sjøen, ut på hausten ein gong, til frampå våren eit stykke. Nett som i norrøn tid, fyrte dei opp på sjølve laugardagr. Ludvik Flåskjer, f. 1940, fortel at far hans, Knut (1917-1982), laurdagane gjerne tok seg ein bade-tur til Remane, sjølv gjesta ikkje Ludvik badstova. Ein ser ikkje for seg at dei skikkeleg vaksne karane sette sin fot innom bad-døra. Eit forskot til badstova på 200 kroner frå Helselaget, hausten 1946, kan vere teikn på at også yngre kvinner nytta seg av bade-tilbodet.