’’Handels- og Adressekalender for Romsdals Amt», ei bok utgjeven i Ålesund i 1907, inneheld opplysningane om inntekt og formue for alle skatteytarane i kommunane i Romsdals amt. Det var opp til likningsnemnda i den enkelte kommunen å bestemme skattegrunnlaget for ibuarane, dei vart skjønnslikna.
Kårmannen Sivert Eriksson Sætre (1842-1909) vart likna for den høgste formuen. Han hadde drive Syvergarden (bruksnummer 10), halve jordparten av Pegarden, eit bruk som i 1907 hadde gått tilbake til Pegarden. Sivert og kona Jettina fekk ikkje born, det kan vere ei forklaring på at han rådde over den høgste formuen i kommunen. At ikkje ein einaste person skilde seg vesentleg frå dei andre med høgare formue, syner eit samfunn av jamlikar utan kaksar. Samstundes viser det eit bondesamfunn der ingen enno har hatt høve til å byggje ein formue basert på utstrekt bruk av leigd arbeidskraft.
9000 Sivert E Sætre
8900 Ole E Lynge
7600 Andreas M Romestrand
7200 Fredrik Lynge
7000 Petter S Masdal
6300 Hans G Aarset, Jørgen N Romestrand, Knut S Sørevartdal, Johannes K Sørevartdal
6200 Elias I Sørevartdal
6100 Iver E Romestrand
6000 Hans E Aarskog, Marie M Erdal, Ole N Masdal
5700 Olav Myklebust
5500 Hans P Masdal, Johannes S Nørevartdal
5300 Johan Johannesson Nørevartdal
5000 Karl J Aarset, Rasofiel B Festøy, Johannes O Lynge, Laurits V Masdal, Johannes G Myklebust, Peder J Nørevartdal, Ole Rotnes, Andreas A Sætre, Hans E Sætre
4700 Rasmus B Festøy
4500 Knut J Buset, Knut J Romestrand
4400 Johannes R Sætre
4200 Peder K Nørevartdal
4100 Jørgen Barstad, Vilhelm Lynge
4000 Iver A I Aarskog, Rasmus Aarset, Sivert J Aarset, Mads H Aarset, Peder E Aarset, Ivar O Barstad, Edvard Melbø, Knut O Myklebust, Bernt J Nørevartdal
Kona til Sivert E Sætre, Jettina (1845-1924), var morsyster til Paul R Sætre (1873-1967). Borna hans, Sigmund, f. 1916, og Jenny, f. 1919, heitte etter Sivert og Jettina.