Meny Lukk

Inntektsskatt 1907 i Vartdalstranden

’’Handels- og Adresssekalender for Romsdals Amt», ei bok utgjeven i Ålesund i 1907, inneheld opplysningane om inntekt og formue for alle skatteytarane i kommunane i Romsdals amt. Det var opp til likningsnemnda i den enkelte kommunen å bestemme skattegrunnlaget for ibuarane, dei vart skjønnslikna.

Lærar og gardbrukar Olav Myklebust på Melbø vart likna for høgste inntektsskatten:

1080 Olav Myklebust

1050 Guttorm J Myklebust

990 Ole E Lynge, Ole N Masdal

970 Johannes Volle (klokkar)

960 Rasmus Aarset

930 Johannes K Sørevartdal

860 Petter S Masdal, Hans O Sørevartdal (ordføraren)

830 Ivar E Romestrand

820 Hans P Masdal, Ole Rotnes

810 Jørgen N Romestrand

800 Lars Strømmegjærde (landhandlar), Sivert E Sætre (kårm.)

780 Peder M Kvien, Fredrik Lynge, Johan Johannesson Nørevartdal

770 Johannes R Sætre

760 Peder E Aarseth (landh.), Andreas A Sætre, Elias I Sørevartdal

750 Johannes S Nørevartdal

730 Laurits V Masdal

720 Knut J Buset

710 Rasmus B Festøy

700 Hans E Aarskog, Andrea M Romestrand

690 Ivar A E Nørevartdal, Knut S Sørevartdal

680 Bernt J Nørevartdal, Knut J Romestrand, Olai O Saltre

660 Andreas MP Nørevartdal

640 Marie M Erdal, Lars Flåvik, Peder E E Nørevartdal

630 Johan Jakobsson Nørevartdal

620 Ivar M Myklebust

610 Knut O Myklebust

600 Andreas Aarskog, Mads H Aarset, Vilhelm Lynge, Johan O Sætre

Dette viser eit samfunn av jamlikar. Visst er det skilnad på inntektene; arbeidarar, tenestefolk og kårfolk hadde frå kroner 250 til 500. Her må ein hugs at desse gjerne berre hadde seg sjølv å brødfø, medan dei høgste inntektene er mykje godt å rekne som familieinntekta.