Laurdagskvelden var det nye kommune elektrisitetsverket i Vartdal opna, og dermed tek ein ny tidbolk til for den vakre bygda og det drivande folket som bor der. Elektrisitetssaka i Vartdal er igrunn av gamal dato. Alt i 1911 vart saka teka op og der vart nedsett ei nemnd vald av heradsstyret for å arbeide med spørsmålet om elektrisitetsverk for bygda. Når Vartdal var ei av dei første bygder som tok elektrisitetsspørsmålet op, men likevel vart ei av dei siste som fekk elektrisiteten inn i bygda, so har dette sine reint praktiske grunnar. Krigen kom og skipla dei fyrste planane. Dei fann det heller ikkje klokt å bygge under verste høgkonjunkturen. Heilt til no har dei venta, og har fått seg eit tipp-topp moderne verk, med rikeleg kraft, meir enn dei har bruk for i lange tider, og til svært rimeleg pris.
Verket er utbygt i Risaskarelva. Saman med ingeniør Høstmark, som har vore konsulent for utbygginga, hadde Sunnmørspostens utsende medarbeidar laurdag høve til å sjå anlegget. Det har ei fallhøgd på heile 393 meter, og det er visstnok den høgaste utbygde fallhøgde i Møre fylke. Røyrlengda er 1150 meter. Den utbygde kraftmengde er 550 hestekrefter, og driftsspenninga er 10000 volt. Ved regulering kan verket utvidast til 2000 hestekrefter. Prisen vil fyrebils bli kr 100 pr kilowatt, men då der berre er selt ein del av krafta vil prisen ved større forbruk lett kunde setjast endå lenger ned. Heile anlegget kostar omkring 130000 kroner.
Kraftstasjonen er bygd i betong og maskinene er av dei mest moderne som kan skaffast. Spenningsregulatoren er såleis av ein heilt ny type, som der finst berre tvo stykker av i heile landet.
Turbinen er levert av Kverner Bruk, generatoren av Per Kure, Oslo, og transformator og apparatanlegg av N/S Siemens i Trondheim. Stålrøyrene er kjøpt brukt frå Bruvik elektrisitetsverk i Vaksdal, og trerøyrene er levert av Brødr. Hollingseter i Julsundet. Dammen er bygt av eit arbeidslag frå Vartdal med Bjarne Sætre som formann. Ingeniør Høstmark har vore byggeleidar for røyrledninga og kraftstasjonen, og ingeniør Elers Lynge for leidningsnettet. Turbinen er montert av H.I. Drege.
Krafta var sett på i 6-tida om kvelden, og etter som mørket kom blenka det nye ljoset frå alle vindaugo. Ei ny bygd og eit vakkert syn.
Til klokka halv 9 var der skipa til ljosfest i det vakre, nye ungdomshuset Soltjeld. Festen vart opna av ordførar Buset som helsa folket velkomne. Han vilde vone at det løft kommuna hadde teke på seg her, vilde svare til dei voner ein hadde sett til verket. Vi har gått til dette arbeidet med den tanken at vi vilde gjere rett for oss til alle kantar, og at vi vil hevde oss i tevlinga. Utviklinga krev at vi fylgjer med, og ikkje minst av omsyn til ungdomen som skal skape seg livekår her i bygda var det no naudsynt at elektrisitetsspørsmålet vart løyst.
Formannen i arbeidsnemnda, L.K. Grønnevet, gav so ei utgreiding av det arbeid som er gjort for å reise verket. Han gav først ei oversyn over det som var gjort sidan tanken første gongen vart reist i 1911. I 1930 vart den arbeidsnemnd vald som har stått for arbeidet til saka vart løyst. Det hadde vore eit stort arbeid, men folket hadde vist si store interesse og der var utført minst 20000 arbeidstimar friviljugt arbeid. Han takka kollegar i nemnda, ingeniørane Høstmark og Lynge, montør Drege, leverandørane og alle som har vore med og reist verket for godt samarbeid og likeeins ingeniør Bertelsen, tilsynsmannen for elektrisitetsverka, som var tilstades ved opninga. Han leverte so verket over frå arbeidsnemnda til kommuna.
Ordførar Buset takka arbeidsnemnda for godt utført arbeid. Ingeniør Høstmark takka for godt samarbeid og takka særleg dei tre ordførarane han hadde samarbeidt med i dette spørsmål, Grønnevet, Erdal og Buset. Ikkje minst hadde Grønnevet som formann i arbeidsnemnda gjort eit godt arbeid. Han takka ogso alle andre som hadde vore med i arbeidet. Vidare var der taler av ingeniør Hjemteland som takka frå leverandørane, og ingeniør Bertelsen som heldt eit interessant kåseri om utviklinga av elektrisiteten frå den første tid til i dag. Ordførar Buset takka grunneigarane som hadde vist seg svært imøtekomande og slått av på dei krav dei hadde etter ekspropriasjonen av elva, og alle som hadde gitt fri grunn. Han las ogso op helsingar frå fylkesmann Parelius og ingeniør Heldal.
Etterpå vart der servert rjomegraut. Eit sangkor med lærar Flåskjer song innimellom talane og ingeniør Høstmark las Nordal-Griegs vakre dikt «Ilden og lyset». Festen slutta i tvo-tida. Sunnmørsposten 10. september 1934