Meny Lukk

Minefaren og fiskarane. Til kommanderende admiral. Av Knut Vartdal

Av Søndmørsposten for laurdag ser eg at kommanderende admiral skal ha uttalt seg um fiskarane, at dei er so rædde minorne. «En mine fra havet er nok til, at hele fiskerflaaten rømmer i havn», segjer den modige admiral.

Jaso, hr. admiral, De trur det.

No ja, lat me sjå litt på reddhugen til fiskarane. Vil De, hr. admiral, kome her upp til Sunnmøre eller Ålesund, so skal De få vera med ein motorbåt i sildefiskja og setja garna ut um kveldane. Ein er like vis når det ryk upp med sydvest eller nordvest og snøkave, so ein ikkje ser «never for tenner» som me segjer. Ver med å ta igjen garna i slikt ver, og finn vegen inn att millom fall og brot utan å sjå fyr eller merke, og fullt av minor utover alt hav. Kanskje De, hr. admiral, ikkje var so modig då.

Nei, fiskarane er nok ikkje so redd som De trur. Det er nok ikkje berre «en mine fra havet», der er nok mange.

Når ein treffer flokkar på tre fire i gongen, og når ein i myrke natta fær dei i garnlenkja, so ein ikkje ser forskjel på blåsor og minor. Og dei hev eksplodert i lenkja, so folket umbord ikkje visste um båten var i lause lufta eller på sjøen. Men likevel, hr. admiral, ikkje ein båt hev lege inne eller rømt i land for minefåren endå, det eg veit um.

Eller kanskje De ville vere med ein sælfangar upp under iskanten i mars månad, i 30 graders kulde, i storm og frostrøyk, tjukk som den tettaste skodde, eller i lange myrke næter i storm og stor sjø, so ein ikkje ser forskjel på brotsjøar og storis, og med 6 tumar tjukk is over alt som stikk upp av sjøen, upp til den øvste mastetopp. Det kan hende admiralen då vilde få kneskjelven, likso snart som fiskaren og fangstmannen frå Sunnmøre.

Hev sjølv tent mi verneplikt i den norske marine; men slik ei overdriva modigheit veit eg ikkje um å ha sett av dei norske offiserane heller, det skulde då einast vera, når dei fekk skjenna huda full på syndaren, som ikkje helste akkurat etter reglementet.

No ja, der er då modige offiserar òg, som visst vilde duge i ein bardage, og slike tek me fiskarar til huva for i dag ogso; men ikkje for dei som kallar fiskarane for reddharar.

Hr. admiral, skulde det røyne på so kanskje fiskarane var Dykkar beste folk; men me vil ogso verta haldne for folk. Ein fiskars liv hev ogso sitt verd.

Vyrdsamt… Knut Vartdal

Or Søndmørsposten, 20. januar 1920.

Alfred Berglund (1862-1945) var kommanderande admiral frå 1919 til 1930.