Hans E. Vartdal (1890-1974) var frå Knutegarden i Sørevartdal. I desember 1910 var han «Fisker», truleg i «Aalesund» som mannskap på ein dekksbåt som dreiv etter silda. Under fyrste verdskrigen var Hans i fleire år fiskar om bord i fiskedampskipet «Ramoen». Det var då han i 1916, etter eit år med svære lutar, gifte seg med Anna O. Veibust frå Sula. Fram til 1938 vart Hans og Anna foreldre til 8 born: Ingrid (Thorsen), Palma (Maalø), Einar, Olav, Arna (Nowak), Herdis (Isaksen), Alf og Nils. I eit minneord vert det peika på at sjødrifta gav «lite i pengepungen når turen var slutt. Det gav Hans grunn til å tenke over om samfunnsgodene vart delte etter den innsats kvar gjorde i samfunnslivet.» Hans engasjerte seg i bygdestyringa og var medlem av heradsstyret 1926-28, 1932-34 og varamann i den mellomliggjande perioden, då vald på ei bygdeliste. Ved stortingsvala røysta Hans på Arbeidarpartiet. I 1936 var han med å skipe Vartdal Arbeidar- og småbrukarlag. Hausten 1937 vart han og dei to brørne Karl H. og Lars H. Sætre vald inn i heradsstyret for Småbrukar- og Fiskarlista, eigentleg ei Arbeidarparti-liste. Elles var Hans medlem i jordstyret både før og etter den andre verdskrigen. Hans fekk i si tid frådelt halvparten av Knute-jorda og bygde hus og heim i nærleiken av Vartdal-tunet. Både føre og etter andre verdskrigen var han medlem i jordstyret. På eigedomen hans voks ein del fure. I juni 1954 averterte Hans «Ein god del hesjestaur av fure til sals. Ferdig til bruk.» Hans var ikkje av dei som dulde oppfatningane sine om både eit og hitt. Enkelte friske ytringar levde lenge etter honom, om ikkje på folkemunne, men meir mann og mann i mellom.

Minneord etter Hans må vere en annan Hans, KnutHans hadde berre ein bror, og det var Iver Wartdal.