Anna var fødd på Veibust i Borgund. Foreldra Ole og Petrine var begge vartdalingar opphavleg, han frå Buset og ho frå Barstad. Dei flytta i 1894 til Veibust i Borgund/Sula og forpakta Hansgarden der, etter at gardkona Margrete, syster til Ole, var vorten enkje. Anna var syskenbarn med Plasse-Hans på Buset, og godt mogleg kom ho til Vartdal som tenestetaus på Buset. Kor som er, ho vart kjent med fiskaren Hans E. Vartdal frå Knutegarden i Sørevartdal. Seinhaustes 1916 vart dei to vigde til ektefolk i Vartdalskyrkja. I 1924 fekk Hans skøyte på halvdelen av farsgarden, bygde stove og løe ved Løbakken sentralt i Vartdal-garden. På småbruket dreiv dei tradisjonelt, hadde nokre få mjølkekyr og sauer som Anna dagleg stelte, Hans heldt fram som fiskar attåt gardsrifta. Over ein periode på tjue år, frå 1918 til 1938, kom åtte born til verda i heimen deira i Sørevartdal. Ingrid [Thorsen] var eldst, så kom Palma [Maalø], Einar, Olav, Arna [Nowak], Herdis [Isaksen)] Alf og Nils. Døtrene flytta vekk frå Vartdal, til Oslo og Ålesund/Borgund, medan alle fire gutane vart verande «vartlingar» livet ut.