2 Kone frå Sætre, det var gomor til Berte Grønvet ei av dei, kom nåra Kråne attmed (bytingselva) Merkingselva. Dei for so vida og slo den tida og det leid på hausten, og tok til å skymast um kveldå då dei gjek heimatt. Vegen heim gjenom tune låg so til at dei gjek over hellerne som låg utfyr fjøsdyrå. Bjønnen havde fylgt etter i fetå deira. I det han havde gåt forbi geitfjøsdyra havde han slegje den inn og tekje seg ei geit og drege inn og nedunde bakkarne og ete henne ti seg.
– Fortalt av Berte Grønnevet til Johan Haddal i 1918.
Godmora til Berte må ha vore Brite Knutsdotter Sætre (1785-1839), opphavleg frå Knutegarden på Myklebust, gift til Larsgarden Sætre. Brite var syster til Skule-Rasmus som skreiv om Isflåmannen til Sivert Aarflot på Ekset i Volda. Larsfolket budde ved den tid i klyngjetunet på Sætre, bjørnen tok geita ein gong mellom 1810 og 1830-talet.
Kråa («Kråne») er området nord mot Merkingselva, elva som er grenselinje mellom skogteigane i Nørevartdal og Sætre si utmark. I dag er Kråa i sin heilskap overteken og bygt av Vartdal Plastfabrikk.