Meny Lukk

Styrmenn i Ørsta i [18]60-åri – Av Peder P. Sørheim

[Furken]Holmen var samlingsstaden i vinterfiskja, for ørstingane og vartdalsstrandingane. Dertil låg der ein del voldingar. Eg var der vinteren 1861. Det året låg det heile 75 båtar på Holmesundet og Støbakkviki. Når sopass mange var samla på ein stad, kunde det ofte gå livlegt for seg. Sunnmøringane var ikkje avhaldsfolk den tidi, so mangt eit ølanker vart tømt i Holmen dei dagane.

Eg var med Garslett-Ola vinteren eg var i Holmen. Me og laget hans Pål Hagen låg i same romet, og då me berre hadde eitt bord, og bå Ola og Pål vilde vera likaste og sitje ved høgbordsenden, var der jamt eit kiv når me skulde ete. Bordbøni var oftast skjellsord kan de vite. Dette tykkte me var no so som so. Jau, so var det ein dag båe styrmennene var ute. Då segjer ein av karane: No tek me og sagar av bordet, og so får dei vere best båe tvo, so vonar eg me fær sleppe kjeftingi med [d]et. Som sagt so gjort. Men du kan forpine deg på at Ola og Pål vart lange i fjæset då dei kom heimatt um kvelden.

Frå 60-åri og utetter kalla fiskarane snøretidi. Dei aller flest av dei som låg i Holmen brukte berre snøret. Garnbrukti var so vanvyrd av desse at Sjur-Ingebrikt Liadal ein gong sagde: Eg forstend meg ikkje på dei som vil kaste burt ungdomstida si med å ro fiskje ut i øyane. Eg vil bruke snøre so lenge eg vinn, men når eg ikkje vinn meir vil eg vere togarnsmann ut i øyane.

I Holmen heldt dei aller fleste til. Losihusi var Sulebust, Melsstova, Donderhoff, Storbrakka, Lystadbrakka. Storesupen var i Valkvæ. Dertil budde der vel nokre i Støbakkviki.

Millom dei mange båtar og styrmenn det var i Ørsta den tidi kan nemnast: Steinnesbåten som Garslett-Ola heldt ute. Garslett-Ola var frå Ulsteinvik, men budde på Sørheim. Dei dreiv fiskje frå Vattøyi, so nær som det året eg var med dei. Ein gong dei kom heim – rodde dei seg fram-på uti Dragesundet. Ola som var på ein liten lette hivde frå seg og sette seg til å ete. «Hadde her vore ei av dei me var frami, sist me låg ut i Hammaren og drog, hadde ho snart føykt oss framav. Steinnesbåten var den fyrste som fekk møresegl i Ørsta.

I Liadal var det tri båtar. Sjur-Ingebrikt hadde ein, han heldt visst ikkje båten sin ute sjølv. Jakob Liadal og Bø-Nils heldt sjølve ute båtane sine. Anders Lianes var styrmann på Lianesbåten, Sima Lystad på Lystadbåten. Elias Uppsal heldt ute Uppsalbåten, Ingebrikt Sætre Sæssbåten. Bakke-Ola hadde ein han var styrmann på. Elling Folstad heldt ute Folstad-båten. Myklebustbåten kom burt grautatyrsdag 1875?. I Hovdebygda var Karl Hovden styrmann (far til presten Anders Hovden). Anders Digernes og Knut Petter Hovden var ogso styrmenn. På Melle var det Albert og Knut som heldt ute båt. På Ose, Otto Ose. Pe Nupen var ogso styrmann. Vatnebåten var det visst ein vartdalsstranding som heldt ute. Medan Elias-Pe i Bjørdalen heldt ut Bjørdalsbåten.

Dette er dei eg kan minnast, det kan godt hende det var fleire, men eg minnast ikkje fleire i farten.

Or Møre 3. desember 1925.

*Peder P. Sørheim (1843-1927) var gardbrukar på Sørheim 1.

*Garslett-Ola = Ola Jensson Sørheim (1821-1901), plassemann på Garsletta under Sørheim. Han var opphavleg frå garden Ulstein.

*Pål Hagen = Pål Guttormsson Hagen (1828-1925), gardbrukar i Øvrehagen. Han var opphavleg frå Guttormegarden på Myklebust (Årsetdalen).

*Ingebrikt Knutsson Liadal (1825-1894), gardbrukar i Sjurgarden.

*Nils Nilsson Liadal (1806-1890), gardbrukar i Bøgarden. Han var far til Ola i Åregylet under Volle i Barstadvika.

*Anders Olsson Lianes (1832-1925), gardbrukar i Andersgarden.

*Elias Olsson Oppsal (1809-1885.

*Elling Olsson Follestad (1804-1874), gardbrukar i Olagarden.

*Otto Olsson Ose (1834-1880), gardbrukar i Ottaholen.

Karl Rasmusson Hovden (1815-1877), gardbrukar i Karlgarden Ytre-Hovden.

Knut Petter Martinsson Hovde (1829-1894), gardbrukar i Indre-Hovden 1.