Ein liten protokoll, knapt 17 cm høg 11 cm brei, syner kven som har vore innskrivne medlemer i Vartdal Turn og Idrottslag i åra frå 1948 til 1970. Året 1948 er 27 medlemer nemnt med namns nemning, alle saman hankjønn. Øvst står Jostein Kleiva, ein sentral figur i VTIL i laget sine tidlege år. Vidare kjem Leidulv Grønnevet, Leiv, Jarle, Trygve, Kåre, Jardar, Helge, Jarl K, alle i hop med Vartdal til etternamn. Så finn ein Odd og Peter Myklebust, Johs H, Reidulv og Kjartan Buset, Jørgen Olsvik, Hans Aaheim, Hans E og Elias Sætre, Magne, Audun og Asbjørn Bortne, Olav B Aarset, Olav Berg, Reidar Bjerknes, Ivar Aklestad, Bernt G Øye og Aage Aarseth.
I 1949 kosta det 1 krone å vere medlem for dei under 16 år, dei som var eldre måtte ut med det doble. Medlemstalet hadde stige til 68. Ungdomar som Alf, Modulf, Havtor og Bjarte Vartdal, Arnvid Myklebust, Ståle Romestrand, Magne E, Johan H, Ingvald, Halldor, Harry og Andreas Sætre, Per J og Jarle Aarseth, Gustav og Per Indreeide, Leiv og Kjartan Kvien var alle saman nye medlemer. Det same var Elias Haugland, Rolf, Hallvard E, Johs O, Helge, Per K og Eivind Vartdal, Ingvald og Peder Buset, Bernt Barstad, Petter P, Arne P, Lars H, Agnar og Asbjørn Sætre, Leif, Leidulf og Kjell Flåskjer, Edvin Aarseth, Evald Wartdal, Ola Myrvoll, Guttorm og Kjell Myklebust, Leon Mauren, Hans og Leiv Bjørndal. Hans Aaheim og Hans O Myklebust betalte av ein ukjend grunn kroner 5 i medlemsavgift. Asbjørn Bortne var formann i laget.
År 1950 fall medlemstalet til 47. Einar, Karl, Georg og Reidulv Sætre var nye medlemer, til liks med Petter J og Nils Vartdal, Tor-Ernst Strømstad, Jarle Romestrand, Magne P Myklebust, Randulf Aarset, Gunnar Øye, Jarle Flåskjer, Oddmar Haugen, samt Helge, Peder og Hallbjørn Buset.
Nedgangen i talet på medlemer fall i 1951 til 35. Ingen av dei var nye. I 1952 betalte 49 personar medlemskontingent. Unge Magnar Lillebø og vaksnekarane Kåre Årset, Ragnvald Aarset, Ivar Sætre var nye medlemer av året. År 1953 betalte 29 av dei registrerte medlemene kroner 2 for medlemskap i VTIL. Ingvald Bortne, den einaste nye medlemen, forsynte lagskassa med kroner 1. År 1954 hadde laget berre 22 medlemer, fleire av dei nyinnskrivne. Det gjaldt Knut Vartdal, Jarle Lillebø, Asbjørn Myklebust, Jon og Erling Sætre.
Åra 1955 til 1958 finst ikkje medlemsregister. I 1959 kosta det 4 kroner å vere medlem for vaksne, dei yngre fekk framleis vere medlem for ei einsleg krone. Minst 43 av dei 67 medlemene var firekroners-medlemer. Leiv Grønnevet, Per Inge og Per Kvien, Ove Romestrand, Svein Sætre, Hogne Berg, Ludvik Flåskjer, Harry og Bjørn Myklebust, Magnus og Ståle Aarset, Per Kjell Pedersen høyrde til denne kategorien, det same gjorde dei tre buktingane Johan, Ingvard og Ola Roth. Alle som betalte ei krone i kontingent var sjølvsagt nye. Atle, Frode, Lars, HansArne og HelgeIdar nytta alle etternamnet Vartdal, så var det Kjell og Lidvard Grønnevet, Per Inge og Terje Myklebust, Bjørn og Kjell Sævik, Arve Kvien, Aage Reite, Terje og Bjørn Aarset, Arild og Rune Aarseth, Gunnar, Inge, Paul og Roar Sætre, samt Hallstein Haugland.
I 1960 hadde VTIL 60 medlemer. Ein møter nye namn i Jan Arne, Sigmund og SveinMagne Sørensen, Jarle Gamlem, Steinar, Ragnar og Einar Myklebust, Arne Boska, Kjetil Romestrand, Torbjørn Sætre, Alv Kristoffersen (gratismedlem), Erling og Gunnar Flåskjer, Johannes K, Håvard, Jostein, JohnPetter, Roger og Arne Vartdal, Erling Olsvik, Malvin Sylte, Jarl Bjørndal og toåringane Trond Myklebust og Leif Vartdal.
År 1961 fekk idrottslaget sine fyrste kvinnelege medlemer. Systrene Malmfrid, Kjellaug og Kari Grønnevet, Inger Anne og Gerd Halkjelsvik, Grete og Kari Vartdal, Bjørg Myklebust, Elly Ravnestad, Turid Kleiva, Olaug Bjørndal, AnneJohanne Flåskjer, Kirsti Møll, Nelfrid Lillebø, Sylvi Myklebust, Ellinor Sandvik, Åse Taftesund og Ingrid Solvang heitte dei som braut kjønnbarrieren i Vartdal Turn og Idrettslag sitt 26. år. Så var det Leif Nordang, Petter og Aksel Vartdal, Ragnar Sætre, Arne Håvoll, Jan Solvang, Leidulf Halse, Peder Bjerknes, Jarle J Vartdal, Håvard Buset og tre år gamle Knut Grønnevet. Lagslista ritar opp heile 78 medlemer.
1962 kom med nye kvinnenamn: Runa Grønnevet, Tove Romestrand, Marianne Haugland, Sigrunn, Jorunn, Jorunn H, Margrethe, Jofrid og Solfrid Vartdal, Leikny, Arnhild, Astrid Sætre og Reidun Sætre, Åshild Brandal, Unni, Svanhild, Inger, Aud og Else Myklebust, Gunn Bjørklund, Vigdis Myklebust, Kjellaug Havåg, Velaug Kristoffersen. Karane Olav Strand, Ottar Møll, Ivar J, Jarle og Kjell Vartdal, og Leiv Masdal var også nye namn i det 90 personar store medlemsmengda.
I 1963 fall medlemstalet til 38, alle saman mannkjønn, unnateke Sigrunn Vartdal. Sindre Sætre, Jon Øye, Øyvind Boska, Agnar Kaspersen, Helge og Harald Buset, og Lindor Myklebust kom med som medlemer for fyrste gong. No kosta det kroner 5 for dei «vaksne» å vere medlem, og 2,50 for dei yngre.
År 1964 syner ei medlemsverving utan like. 108 personar har betalt kontingent. Ein merkar seg at 85-åringen Lars Flåskjer er ein av dei som la ut kr 5 for medlemskapen. Ferske medlemsnamn var elles Tormod og Elfrid Bornstein, Svein og Inger Lise Ommundsen, Arve, Rune, Bjørg, Johan J, Karl Johan, Ingunn, Hildegunn, Ragnhild, Oddveig, Olaug, Thone og Liv Berit Vartdal, Ove Ravnestad, Åge Pedersen, Reidar Bjørndal, Jakob og Svanhild Gjersdal, Randi og Ranfri Grønnevet, Gunn og Agnes Boska, Johan Haugland, Hans Kjalnes, Liv, Åshild, AnneMarie, Hanne, Magne, KjellBjarne, Ragnar og Ola Sætre, Laila, Britt og Odd Myklebust, Lidvor og Knut Giske, Kurt Trettø, Sverre Flåskjer, Oddvar Vigestad, Berit og Else Buset, Oddfrid Brudevoll, Atle og Gunvor Sørensen, Rønnaug og Åslaug Kleiva, Hans Petter Aarset, Gisle Hestås, Harald og Liv Torill Olsvik, Geir Hole, OddEinar og Anne Rødseth, Robert Bjerknes, Åshild Longvastøl.
I 1965 stod 21 medlemar att i VTIL. Frå Barstadvika kom to nye medlemer som betalte sine fem kroner: Anders Folkestad og Kåre Nytun, medan Leif Sætre la ut det halve beløpet. For åra 1966 og 1967 er medlemsboka tom. 26 mannlege medlemer er heile medlemsmassen i 1968. Alle dei nye kom frå Barstadvika, medrekna Kjetil Standal frå Ytre Standal. Knut Inge og Sindre Volle, Nils Inge Nybø, Magnar og Nils Martin Romestrand, Steinar Barstad og Sigurd Arne Hovde var alle barstavikarar.
Åra 1969 og 1970 vart det registrert høvesvis 63 og 46 medlemer i Vartdal Turn og Idrottslag. I 1969 støyter ein for fyrste gongen på namn som Johan P Aarseth, Rune Hunnes, Astor og Greta Myklebust, Nils Petter Aklestad, Ottar og Petter Kvien, Olav E og Berit Sætre, Svein Festøy, Ruth Kjalnes, Ingunn Myklebust, Synnøve, Eline, Anita og Bjørg Sætre, IngerSofie Rø, Oddveig og Janne Romestrand, Torill og Solbjørg Boska, Pauline, Svanhild, Rigmor, IngerHilde og Mona Vartdal, Sigrid Kleiva, Eva Haugland, Kari Longvastøl og Velaug Grønnevet. 1970, siste året med innførsler i medlemsprotokollen, dukkar opp namn som Sverre Urke, Stig Myklebust, Pål Heggestad, ArneOle, Bjørn Vartdal, HansJarle, Kjetil, JarleGunnar, Pål og Eldar Sætre, Ivar Longvastøl, Per Inge Boska, MagneOve Dimmestøl, PerJohan Gamlem, Olfrid Kvien, IngerJohanne Flåskjer, Annlaug Øye, Eldar Westre, Per Grønfur og Johan Hammer.