Til sine tider hev der i bladi stadet um utanlandske skip, som hev faret ved Norigs strandlina og lodda. Torsdag i fyrre vika såg me eit dampskip, liknad ei engelsk lystjagt, koma um Jørungneset. Ho fylgde landet sudetter eit stykke på den sida, som um ho vilde ankra der etter farti å døma. Kom so tvert yver fjorden og til Sørevartdal, der ho gav seg te lodda tett ved land. Folk trudde skipet vilde ankra; men det gjorde det ikkje. Det seig sagte frå land att og då det hadde leget pålag ein halv time burt i fjorden, for det sydover.
Ein båt på Vartdal, som same dag ha voret i Godøyi, hadde tidlegare på dagen sett same skipet ligga tett ved Kvitneset og lodda der og då sku det vis[s]t vera faret utyver mot Grasøyi. Då dei kom sudyver att, såg dei skipet fara sudyver frå Eltra, men då dei kom hit, for skipet fyrst sudetter herifrå. Vonlegt må det då ha havt mange stader å lodda nordom igjenom fjorden.
Kva skal dette tyda?
Vartdalsstranding i Søndmørsposten av 2. juli 1897.