Meny Lukk

Den agnatiske ættelinja til den olympiske meisteren Markus Rooth

Markus Rooth er ein 22 år gammal mann frå Oslo som fyrste helga i august 2024 i Paris vart olympisk meister i tikamp-tevlinga i friidrett. Ei gransking av farsætta hans viser at etternamnet hans er ei forvansking av gardsnamnet Rot, ikkje vårt Rot på Vartdalsstranda, men garden Rot aust på Ellingsøya i det som var Borgund kommune.

1 Markus Rooth f. 2001 frå Oslo

2 Espen Rooth f. 1967 frå Oslo

4 Raymond Rooth (1932-2021) frå Oslo

8 Edvin Rooth (1896-1978) frå Ålesund

Oldefar Edvin Rooth frå Ålesund var gift og busett i Oslo. Far hans var tømmernann Laurits Roth i Ålesund. Foto: Johannes Sponland, 1915.

16 Laurits Roth (1868-1918) frå Ålesund

32 Niels Roth (1838-1914) frå Rot i Borgund (Ellingsøya)

64 Bernt Persson Rot (1808-1845) frå Nøringset i Hareid/Sula

128 Per Toresson Nøringset (1770-18??) frå Nørevartdal

256 Tore Jetmundsson Nørevartdal (c1735-e1801)

512 Jetmund Toresson Nørevartdal (c1715-e1772)

1024 Tore Jetmundsson Nørevartdal (c1670-sk1733)

2048 Jetmund Steinarsson Nørevartdal (c1630-sk1702)

4096 Steinar Ivarsson Nørevartdal (?-e166?)

8192 Ivar Persson i Nørevartdal (15??-e1624)

Bonden Ivar Persson, som for over 400 år sidan budde i klyngjetunet i Nørevartdal, om lag 100 meter frå der denne skrivaren bur, er sjølve stamfaren til den olympiske meisteren. Markus Rooth er Ivar sin etterkomar i 13. ledd, rett stigande ættelinje. Også vartdalingane Ove, Einar Arne, Tore Elling og Frode Emil er etterkomarar av same Ivar’en i beint stigande ættelinje, dei i 12. ledd.

Tore-Per på Nøringset

Her må skrivast litt om Per Toresson Nøringset. Han var fødd ca 1770 i Toregarden i Nørevartdal. Broren Ananias tok over farsgarden, sjølv måtte Per slå seg fram på anna vis. I Bygdebok for Ulstein og Hareid Band VI s. 530 får ein vite at Per «hadde reist mykje til sjøs». Ved folketeljinga vinteren 1801 var han komen heim til Vartdal, gjekk då i teneste hos gardbrukaren i Erdal i Barstadvika. Per var då enkjemann, han hadde vore gift med ei kvinne som ein ikkje veit kva heitte. Ein son Bernt, f. 1796, budde hos besteforeldra i Nørevartdal. Vartdalssoga Fyrste bandet s. 351 vil ha det til at denne Bernt’en var gift 1833 med Gurine Berntsd Rot frå Borgund. Det er neppe rett.

Ein gong før 1804 gifta Per seg med Pernille Finnsdotter Snipsøyr (1773-1840). Dei slo seg ned i Oksvikja på Nøringset i Søre Sula som husmannsfolk. Her bygde Per stove ved Nøringsetnaustet, tyfta der stova stod vart i ettertid kalla Pernilletyfta. Sjølv vart Per omtala som Pernille-Pe. Han døydde ein gong mellom 1816 og 1832, mange år før Pernille døydde.

Per og Pernille vart i åra frå 1804 til 1816 foreldre til seks gutar. Ein av desse heitte Bernt og var fødd 1808. Ganske sikkert var det den Bernt’en som gifta seg med den nemnde kvinna frå Rot i Borgund, og vart brukar av den einbølte Rota-garden ved Ellingsøyfjorden. Også dei andre sønene til Per og Pernille kom seg vekk frå Oksvikja, ein plass som må ha vore nokså nær eit sveltihel. Ola, f. 1811, budde på småbruket Furnes 2 i Sula. Johannes f. 1805 og Tore f. 1804 var begge plassemenn, den fyrste på Valderhaugstrand (12), den andre under garden Vestre i Vatne. Feitt vart det slett ikkje for nokon av dei fire Per-sønene, dit dei kom.