Med 1924-åringane vert det her sikta til borna som vart fødde i Vartdal herad i året 1924, samt dei personane fødde andre stader same året som vart vartdalingar gjennom eigne eller andre sine val.
DEI INNFØDDE
Johannes H Buset, Ivar Volle, Osvald Masdal, Einar Remmen, Judit (Masdal) Remmen, Inge Vartdal, Ivar O Sætre, Odd Myklebust, Jørgen Romestrand, Ivar S. Barstad, Magne Vartdal, Jarle Vartdal, Ivar Ødegård, Olav H Vartdal, Sverre Rekkedal, Solveig (Myklebust) Hestås, Else (Aaheim) Buset.
DEI INNFLYTTE
Irene Rødseth var frå Ålesund og busett i Sørevartdal. Magnhild Sætre kom frå Stavanger og Wilhelm Boska frå Alta i Finnmark, begge vart sæssingar. Gyda, opphavleg norddaling og gift Volle, er den einaste som lever sommaren 2024, ho runda 100 den 29.juni.
DEI UTFLYTTE
Helene Sætre (Midtlid) og Marta Vartdal (Sætre) høyrde etter kvart heime i Ørsta, medan Oddvin Vartdal og Asbjørn Sætre vart ålesundarar. Hjørdis Masdal (Kobberstad) gifte seg til Hornindal i Nordfjord. Aslaug Buset (Numme) var den einaste som hamna langt frå heimbygda, ho levde i Stokke i Vestfold.
To og to av desse personane skulle seinare verte rette ektefolk. Hausten 1948 vart fyrst Else Aaheim vigd til Johannes H Buset og så Judit Masdal til Einar Remmen. Begge ektepara vart velsigna med kvar sine tre born.