Meny Lukk

Folk frå fortida – Lars Aarskog

Lars Aarskog (1891-1990) var frå Hansgarden Årskog, han var nest yngst av dei seks borna til Ivar Andreas og Nikoline Aarskog. Skulevinteren 1906/07 tok han snikkarskulen på Sætre. Dei komande åra gjekk han truleg foreldra til hende heime på Årskog, og ganske så sikkert deltok han i sildefisket på mørekysten med ein av dei lokale motoriserte dekksbåtane. I 1910 var han elev på amtsskulen i Ørskog. Åra 1913-16 gjekk han eit treårig kurs på lærarskulen i Volda. Lars hadde så sin fyrste lærarjobb i Vatne kommune. Fyrste året underviste han i Hellestranda og Vestrefjorden krins, året etter i Vestrefjorden krins. Sommaren 1917 tok han eit under-befalskurs på Værnes i Sør-Trøndelag. I løpet av dei føregåande åra tok han idrettsmerket, marsjmerket og skarpskyttarmerket. Frå 1918 var han tilsett lærar i Ørsta kommune. I alle åra fram til 1946 var han ein av to lærarar ved Follestaddal skule, underviste storskulen. Han var aktuell for lærarstilling i andre Ørsta-skular, utan å nå opp, Dei to åra frå 1946 til -48 skulte Lars ved Heggdal skule i Midsund i Romsdal. Sommaren 1948 flytta Lars til Myrvåg skule i Herøy. Her vart han verande til han slutta som lærar hausten 1958.

Lars, ca 18 år gammal.

I tida som lærar i Vestrefjorden vart Lars kjend med Johanne Bjerkevoll. Dei vart ektefolk i september 1918, like før Lars skulle ta til som lærar i Follestaddalen. Bryllaupet vart feira i Hansgarden på Årskog. Deira fyrstefødde barn døydde drygt veka gammal. Sidan kom borna Ivar, Ingebjørg, Einar, Leiv, Magnar, Eldbjørg og Nor til verda medan dei budde på Myklebust i Ørsta.

Nett som forventa av ein ny lærar i bygda, engasjerte Lars seg i ungdomslag og songkor. Han var elles i lang tid aktiv i fråhaldsrørsla, heilt opp i høg alder, fekk til sist tildelt Klostermedaljen. Ei tid var han formann og kasserar i Ørsta lærarlag, og eit par år lærarane sin representant i Ørsta skulestyre. Lars var ein lærar av den eldre typen. Han framstod gjerne noko sjølvhøgtidleg og vart tidvis oppfatta som storvyrdig.

Lars og Johanne flytta i 1958 til Nørevartdal, der eldstesonen Ivar sentralt i bygda hadde ført opp tomannsbustaden Høgtun få år i førevegen. Kring 80 år gammal tok Lars på seg å vere styreformann i Nordre Vartdal Vassverk, etter ein systerson som hadde vorte vald til vervet, plenta nekta å ta oppgåva. Siste leveåra budde Lars på Vartdal Aldersheim, døydde 99 år gammal.