Ungdomen i Årsetdalen heldt i år jonsokfest på Grytastøylen. Der var upplesing, song og leik – og ein veldig jonsokbrising. Lars Kvien heldt festtalen. Han fortalde frå seterlivet i gamle dagar og um hulder, nøkk og bjønn, som det då var mykje av på Grytastøylen.
Kjelde: Søndmørsposten 30. juni 1925.