Ingebrigt Endresson Lynge (1818-1909) var frå Endregarden Melbø. I sin ungdom var han ute og siglde, med kaptein Ludvik Lied (1812-1881) frå Tusvika i Sykkylven. Han var like til Egypt, det var vide i seglskutene si tid. Etter han kom heim att, arbeidde han segl på båtar. Han gifte seg med Dorte Pålsdotter Lynge (1817-1893) og fekk i 1851 skøyte på garden av svigerfaren Pål Rasmusson for 350 spesiedalar. Ingebrigt var ein uvanleg arbeidssam og dyktig gardbrukar. I 1865 sådde han 3/4 tynner bygg, 1 tn hamlekorn, 7 tn havre, 3 tn poteter og fora ein hest, 12 storfe, 10 sauer og like mange geiter. Garden hadde 34 mål åker og dyrka eng og 18 mål natureng. Frå utslåttar henta dei 24 lass høy. Ingebrigt skal ha vore styremann på sunnmørsottring i over 40 år. Han var i fiskja då Lynge-tunet vart brannherja i 1858. Hans-folket budde hos slekta hans på Melbø til Ingebrigt i 1859 bygde hus på nye tufter på Kollane på Lynge. Sidan vart han jamnt nemnt Kolla-Ingebrigt. Før 1876 fann han restane av eit sverd frå yngre jarnalder, eit økseblad, ei rusta fil og to spenner i «en rund Gravhaug og løstliggende Haugens Jord», nedst på Borga på Lynge. Under vigslinga av Vartdal-kyrkja i 1877 spurde han soknepresten, etter å ha peika på ein av dei andre prestane som var til stades: «Hev han presteeksamen dinna presten». «Ja, han hev ein glimrande eksamen». «So farren», sa han Ingebrigt, «eg tykte han las so ringt». Fem born voks opp i Hansgarden/Kollane. Dei to eldste døtrene vart gift til høvesvis Melbø og Barstad, odelsguten Fredrik tok over garden etter foreldra. Dei to yngste borna kom til å busette seg på Indreflø i Ulstein, der Johannes Lynge var skulemeister i Flø-krinsen i 48 år.