Meny Lukk

Folk frå fortida – Helge Romestrand

Helge Romestrand (1930-1979) var frå Nilsgarden på Romestrand. Fotomateriale fortel at han var fiskar og fangstmann på ei rad båtar i tida frå slutten av 1940-talet. Andre foto viser at han var ein av dei som gjorde teneste i Tysklandsbrigaden, truleg i 1950. Så langt er det ikkje kjent kvar i Tyskland han var stasjonert. Det er mogleg Helge fyrst var med selfangstskuta Veidemann (M-9-VD), ei skute som forliste i mars 1951.

Mannskap på Veidemann.

Eitt år seinare var iallfall Helge fangstmann på Hareids-skuta Aarvak (M-8-HD). Per Gjøsdal i grannelaget på Romestrand var skipper på turen i Vestisen. Dei var ikkje åleine barstadvikarar om bord. Også brørne Knut S. og Hallvard Barstad, Kjell Volle og skippersonen Hans Gjøsdal var mannskap. Ulukkespåska 1952 låg dei på Aarvak mange hundre nautiske mil nordaust for farvatna der selfangstskuta Buskø forliste med alt sitt mannskap.

Juksafiske på Vest-Grønland. Dolsøy.

.Sommaren 1952 var Helge og nemnde Kvie-Knut med på ein lønsam tur med Dolsøy (M-26-VD) til fiskefelta ved Vest-Grønland. Kanskje var Helge med Aarseth-båten ei tid framover, foto frå sildefiskje kan tyde på det. Eller kan hende gjekk han då vidare til Selungen (M-351-HØ) frå Herøy. Kor lenge han stod om bord i skuta frå Tjørvågane, er høgst usikkert. Visseleg var han med Herøy-båten på silda, godt mogleg også til håkjerringfiske i Strætet. Helge må også ha vore med selfangaren Veslekari (M-20-VD), utan ein veit å seie når. Hans Gjøsdal fortel at han og Helge var mannskap på Osnes (M-3-VD) i sildefiskja 1956.

Helge Romestrand, nr 2 fh, om bord i Selungen.

Sjøverken plaga Helge og han slutta sjøen. I 1955 gifta han seg seg med voldingen Aase Alme. Dei sette bu på Romestrand, nær ved det som ein gong vart nemnt Riksveg 14. Med åra vart dei foreldre til Anne Lise, Else, Åshild og Per Olav. Ein gong på 1950-talet kosta Helge seg ein lastebil. Og frå dei dagar dreiv han såkalla leigekøyring i Barstadvik og vidare. Helge omkom under snøbrøyting av Hjørundfjordvegen morgonen 9. februar 1979. Skarbøfonna førte lastebilen hans ned i fjordkavet. Helge vart aldri funnen att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *