Meny Lukk

Ein familielagnad i Kortegarden Romestrand

I juni 1871, bryllaupsmånaden, gifta Anders Jakobsson Romestrand, f. 1844, seg med den eitt år yngre Kristine Larssdotter Årsnes. Ettersom vigsla deira hende i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø, får ein tru at feiringa av giftarmålet gjekk føre seg på Årsneset, tre dagar til ende. Seinare same året kom deira fyrste barn til verda, ho Sofie. Så kom Nikoline to år etter, og Jakob etter nye to år. Alt i hop i samsvar med vonene til eit bonde-ektepar i samtida.

Anders, som hadde vore noko av ein friskus, han hadde gjerne lauga seg i den kjølege Storelva og vore med å byggje varde oppe på Ramoen, vart under torskefiskja 1876 så sjuk at båtlaget fann det best å skysse han heim. Heime i Kortegarden låg den yngre systera hans, ho Jakobina, då dødssjuk av tæring. Ho døydde i mai. Knappe åtte veker seinare fylgde båra med den tæringsdøde broren og familiefaren Anders den same reisa over fjorden til gravstaden på Hareid.

Kristine sat eitt år i enkjestand, så gifta ho seg med Johannes N. Årskog (1852-1926) frå Ivagarden der. Før fire år var lidne, døydde tæringssjuke Kristine frå dei tre borna avla med Anders Jakobsson, samt toåringen Anders ho og Johannes var foreldre til. Kyrkjebøkene teier om dødsårsaka til både Jakobina, Anders og Kristine. Kvifor prestane før 1888-89 så sjeldan opplyste om dødsårsak, er uklart. Kanskje kjende dei ikkje til årsaka, eller så brydde dei seg ikkje, utanom det som opplagt var epidemiar.

Tuberkulose, til dagleg kalla tæring, har fylgt menneska i tusenar av år. Før midten av det 19. hundreåret var det jamt over liten kunnskap om korleis sjukdomar oppstod og spreidde seg, også hos styresmaktene. Ein må fram til 1880-åra før ansvarlege innom helsestellet byrja rope varsku om tuberkulosen og kor smittsam den var. I «Minne og opplevingar», s. 16, skriv L.K. Grønnevet at i 1890 var folk «lite merksame på smittefåren».

Dei tre borna til Anders og Kristine Romestrand kom alle til å døy av sjukdomen som slo ned foreldra. Seint i 1889 døydde eldstejenta Sofie, 18 år gammal. Systera Nikoline gifte seg i juni 1893 med Anders Guttormsson Barstad, 12 månader seinare var han enkjemann. Våren 1896 var familien på fem frå Kortegarden Romestrand utsletta, med di Jakob Andersson Romestrand den 16. mars vart lagd i grav på Vartdal kyrkjegard. Misjonen fekk 46 kroner og 62 øre i testamentarisk gåve frå den unge avdøde.

==Kjelder==

*Kyrkjebøker for Hareid sokn og Vartdalsstranda sokn.

*Knut Romestrand (samtale 17.6.2024).

*Tidsskriftet «Bud og Hilsen». 1898.