Meny Lukk

Folk frå fortida – Synnøve Kvien

Synnøve Pedersdotter Kvien (1887-1958) var fødd på småbruket Kviebøen i Kvia. Ho var den eldste av dei tre døtrene til skulemeisteren P.M. Kvien og kona Elen. Synnøve skreiv eit titals prosatekstar som ho fekk prenta i tidsskriftet De unges ven/n i tida 1927-29. Om lag samstundes tok Norsk Barneblad inn minst tre forteljingar i sine publikasjonar. I 1927, 40 år gammal, kleiv ho til topps på Vassdalstiden, «so vidt me veit den fyrste kvinna». På 1920-talet var Synnøve ei av dei som kjøpte seg fotografiapparat, ein heil del eldre foto skal ho vere meister for. Tidleg i 1930-åra kjøpte ho seg radio, som ein av dei fyrste i bygda. Heime i Kvia sysla ho mykje med handarbeid. Hausten 1937 var ho ei av fleire Vartdal-kvinner som stilte ut i Ålesund. Synnøve fekk her fyrstepremie både i plantefarging, spinning og veving. Som enkje selde mora Elen Kviebøen i 1929, allereie året døydde ho. Dottera Synnøve vart buande i kårenden på garden, men fekk truleg plass på Vartdal Gamleheim ei tid før døydde. «Ho vi’ kje gifte seg ho Synnøve, ho vi’ berre lese Garborg», meinte ein av Buset-karane.

Synnøve Kvien i 1907, Kjelde: Fylkesfotoarkivet.mr.

3 kommentarer

  1. NILS HARALD KVIEN

    Hei! Er det riktig at Synnøve var den mellomste av de tre døtrene til P M Kvien? Hva het de to andre og når var de født?

    • Magne Ivar Sætre

      Det stemmer ikkje at Synneve var den mellomste, ho var den eldste. Karen (Øvrelid) var fødd 1889 og Marta (Myklebust) u 1893.

      • NILS HARALD KVIEN

        Ok. Da bør teksten under bilde endres. Der står det at hun var den mellomste.

Kommentarer er stengt.