Meny Lukk

Litt reveprat frå Møre – Av Steinar Buset

[D]et er ikkje mange no, som ikkje spekulerar på sylvreven. Og Møre – då endå særleg Sunnmøre – står i sylvrevens teikn… For ei 10-12 år attende og langt seinare – med utleiding av «griseri» og «hønseri» likte folk å kalla dette nye påfynsteret for «røveri» med ein lite skeiv smil attpå. Og kven kunde forstå seg på at ein klok og fornuftig mann som td. Ola Erdal, som var pioneren her i umkrinsen, kunde kasta vekk tusen på tusen på slikt fanteri. Berre tap og daude såg det ut til å verta, kor han bala med nye dyr og kjettor til fostermør!

Men i nittan-tvo-tre-fire og tjuge var umslaget merkande. Ymse våghalsar kom endå inn sparebanken og bad um lån å kjøpa rev for – med so ljose voner at dei kanskje kunde betala det innatt um eit års tid! – Synd i slikt folk! Men med ein god gard som pant skilde det sagtens ikkje banken, kva pengane skulde brukast til. Og når lånet so etter 2 eller 3 terminar verkeleg kunde betalast, då tok både Per og Pål til å klå seg bak um øyra.

Møringen er vand å våga. Det er ikkje berre ein gard han kan kjøpa for mange tusen kroner – og snaut vita seg livberga der. Han kjøper båt og vegn for store kapitalar, driv fisket, ein tur med vinning, ein annan med tap. Ein vakker dag kan havet sluka det alt. Ein kjøpmann låner seg, um han kan få, kapital mange gange so stor, som han er god for, kjøper fisk, sild, tran o.l. Konjunkturen svingar og han vert naken mann og mange i dag med han. Ein ung gut gjeng millom mange sysken i ein fatig heim. Hev gode evner, lyst å koma fram. Tiggar seg til kausjon og hjelp. Slit seg gjennom skulane, og er han so heldug å få seg ein jobb, er det å taka seg på tak å betala skulda i små terminar, dersom liv og helse varer, ja.

Det er ikkje hug til hasardspel dette. Det er kamp for brød! Det er trong til å vera ein nyttug samfundsborgar, til å brøyta seg veg gjenom alle vandskar, byggja seg sin eigen lune heim. Sjølvfylgjeleg. Som no denne sylvrevavlen kom som ein flaum desse 3-4 åra, reiv alt og alle med seg, hev han sine barnesjukdomar. Jobbing, misstak og uforstand.

Men han kom og som ei ljosstripe i ei myrk, tung tid, då dei fleste næringsvegar svikta. Det kan ikkje vara og bør ikkje vara, at kvar mann kan jobba seg til kapital på 2-3 år. Det er bra når dei som vågar mykje på nye felt og finn nye framgangsvegar for folket, kan ha bra løn for strævet og vågnaden. Den trygge samfundsgrunnvollen er det jamne, trurøkne arbeid, der armen og viljen vert stålsett, og ein for dette sitt stræv hev sopass utkoma at ein hev gleda av sitt arbeid.

Til dette må dei fleste her, både gardbrukarar og andre, ha noko extrafortenst, og til dette hev sylvreven til dess hjelpt mange, og eg vonar han kjem til å gjera det framleis, når drifta kjem inn i heilt normale former. Pelsverk hev vore etterspurd vare frå Adams tid til no og vil verta det. Dei ville dyr øydest meir og meir ut, og vert avløysaren – tame pelsdyr.

Det gjeld å finna flinke, gløgge, dyrevenlege røktarar. Med å skaffa kapital gjeng det no her på Møre meir og meir i den leid å skipa lutlag (aksielag) på 500 eller 1000 kr aksier. På den måten kan her no vera bygder der ein snart kan telja på fingrane dei som ikkje er i interesserte i revedrifta.

Sjølvsagt. Ein og annan er uheldig, som i alle andre fag og næringsgreiner. Men stort sett hev det jamnt og sikkert gått bra. Og mange hev alt no fått kasta av seg ei panteskuld, bygt eller vølt sine hus, rydda nytt land, bygt seg ein heim, – av pengar dei hev tent på reveavlen.

Og so er det det med reven, at det er ein klok og intelligent kar! Han kan nokk stundom fara med revestreker, men på jamnen er han ikkje berre klok – han hev hjartelag og! Å fylgja med huslivet åt eit revepar med ungar frå nyttår og framyver td. til Jonsok, det er eit syn so hugnadlegt og vakkert å sjå, at det kan vera mange menneskjeheimar til eit godt og fylgjeverdugt eksempel!

Skortå revegard 10/6 1928.

Kjelde: Ukeskrift for landbruk, nr 26 i 18. årgang.