Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Nikoline Båtnes

Nikoline Larssdotter Båtnes (1845-1925) var frå synste bruket på Flåskjer. Sommaren 1874 sette ho til verda eit jentebarn heime på Flåskjer. Nikoline hadde «hamna i ulykka», ville dei samtidige ha sagt. Far til barnet Ingeborg var Nils Andreasson Rørstad (eller Fiskargard) frå Sula, ni år yngre enn Nikoline. Hausten 1875 var Nikoline tenestejente og «Budeie» på Store-Alme, småjenta hadde ho med seg. I juni 1876 stod Nikoline og nemnde Nils framom altaret i Borgund-kyrkja der presten vigde dei til rette ektefolk. Giftarmålet kom truleg i stand etter påtrykk frå minst ein av familiane, kanskje begge. Ekteparet dreiv så som leigelendingar den einbølte garden Båtnes i Sula, nær ved Storfjorden. Derifrå kunne Nikoline speide heimatt mot Flåskjer, utan å kunne timje korkje hus eller folk. Til Flåskjer er det ein dryg rotur med færing, så dei få gongane Nikoline møtte skyldfolk hende nok det på preikesundagar ved Vartdals-kyrkja. Båtnes var ein skrapegard, med lite dyrkamark og «vanskeleg tilkomst». Ein gong på 1890-talet braut familien opp frå Båtneset og flytta til Ålesund, der Nils sidan livnærte seg som fiskar. Heime hos Nils og Nikoline voks minst to jenter, Lisa og Anna, og to gutar, Ingvald og Anton, opp. Om den tidlegare «uekte» Ingeborg nådde vaksen alder, er ukjent. Ein kjenner til at eldstedottera Lisa var gift og budde i byen, medan Ingvald Båtnes og kona Emelie heldt til i Skarbøvikane. Anton og kjerringa utvandra til Canada.

Ingvald Båtes (1886-1956) var syskenbarn til Flåskjer-Lars o.a. Kjelde: Fylkesfotoarkivet.mr.