Petter Larsson Flåskjer (1842-1925) fekk i 1870 skøyte på farsgarden, det synste bruket på Flåskjer. Han dreiv dette til eldstesonen Lars tok over i 1912. I 1902 selde Petter sæterhamninga i Skorgedalen til Saltre, Remen, Sørevartdal og Eljasgarden på Årset. Det vart då heilt slutt med sætring for Flåskjer-folket. Petter vart i 1878 vigd til Petrine Larssdotter Sætre. Dei vart foreldre til tre gutar og to jenter. Odelsguten Lars tok over bruket, broren Ola budde i Ørstavik, medan Laurits (Pettersen) etter år i USA busette seg i Borre i Vestfold. Eldstedottera Anna vart gift til Ytre-Årsnes i Hjørundfjord. Lisa, den yngste av syskena, døydde i 1910 av «Bentæring», 21 år gammal.

2. november 1925 vart det «etter krav av vedkomande ervingar halde friviljug auksjon» på nokre eignelutar etter Petter. Det gjaldt «gang- og sengklæde, sengsted, bord, stolar, 1 stor og god kokeovn, kjøkenty, innbu og lausøyre av ymse slag og noko havre».