Nokre menneske legg ned eit så stort og ærleg strev i livet at dei vert hugsa for det. Eit slikt menneske var Petra Barstad. Ho vart fødd i 1894 på Volle i Barstadvik i ein stor syskenflokk. Ho fortalde sjølv om barndommen og om faren som vart blind. Ho ville ha han bort frå hoggestabben når det mørkna. Men han sa til henne at for han var det mørkt alltid.
Petra mintest då ho og systrene hennar prøvde å narre mor deira, ho Johanne, med at i «dag er det julaftan». Då såg Johanne fram mot dalen på storstjerna på sørhimmelen. Ho visste kvar stjerna skulle stå julaftan. Dette var hennar og alle andre sin kalender, og Johanne visste at det framleis var fire dagar att til julaftan.
Petra mintest kva pengane var verde den gongen ho var småjente, då dei handla eit kvart kilo kvitt strøsukker i gongen. Og det berre til høgtidene. Ho fortalde om sætringa på Volle- og Romestrandsætra. Kveldsmålet sende dei ned på løypestreng, men morgonmålet bar dei ned att, ned Gjersbakken og råsa til brua nedfor Kvia. Derifrå vestover Bømarka og til meieriet oppe i Ingribakken. Der måtte dei dra separatoren sjølve, og ta med tomspannene. Vassdrift med turbin sytte for ysting og kinning. Meieridammen var framom i Samundgarden. Meieriet stod mot bytet til Jogarden, vegen opp var i Jogarden.
Petra fortalde at Ivar Barstad (Kjellar-goffaren) gav dei bortom elva rås over Bømarka mot at han fekk bruke ein teig framom Tverrelva av Vollekarane. Meierihuset var gamlehuset til Edvard Melbø. Etter det vart det hus til Hilde Volle. Og til slutt uthus i Remeteigen til Olav S. Barstad (Reme-Laffen). Alt vart teke vare på og nytta oppatt.
Petra var kokke i torskefiskja. I 1915 var ho kokke til karane på «Fridtjof». Dei budde i Kvitebuda på Furkenholmen. Eigar og skipper var Knut Melbø. Elles var Ole A. Barstad, Johannes O. Barstad, Ole Elias Nytun og Tor Evensen med. I 1917 koka Petra til «Leif». Dei budde på Alnes.
Petra gifta seg i 1917 til Ingrigarden på Barstad. Mannen Nils døydde tidleg, og som enkje måtte ho drive garden sjølv for å få eit utkome for seg og sine. Om sommaren måtte ho leige dreng. Ho måtte lære seg å arbeide som ein kar, tok veiter og var på vedaskogen, braut jord og køyrde stein. Ho var også flink sydame, og med si Singer trømaskin tok ho mot syarbeid. Mange undra seg over kva dei grove arbeidsfingrane fekk til av fin saum.
I 1956 spurde Vartdal kyrkje om ho ville sy ny messehakel. Ho sa ja, men møtte mykje uvilje av firma som dreiv med dette, både med råd og rettleiing og med stoff. Men etter to turar til Bergen og ein til Oslo vart det ny messehakel. Då ingen visste noko om den førre, sydde Petra årstalet inn i foret. Dette var hakelen til høgtid, i raud fløyel med mykje gull på. Og for å gjere messehakelen billegast råd, betalte Petra reisene sine sjølv.
Ho hadde omsut for misjonsarbeidet. Særleg brann hjartet hennar for Israel, og ho hadde alltid rom for talarar. Såleis også for jøden Reikenberg som tala fleire kveldar. Aldri var gamle Samhald så sprengfullt som den gongen. Reikenberg var austerrikar. Han voks opp i same by og same kvartal som Hitler. Som jamaldringar var dei leikekameratar, og i ungdommen var dei i lag på same kafe. Reikenberg fortalde at Hitler var ein særling. – Ein bygdeoriginal som de seier i Noreg. Det var få som ville ha noko med han å gjere.
Då Petra fekk alderstrygd, fekk ho meir pengar enn ho nokon gong hadde hatt før. No fekk ho også betre råd til misjonen. Og alderstrygda kom til nytte då dottera som budde på garden døydde frå to små born, og far deira vart enkjemann. Petra måtte ta seg av barneborna og vere som ei mor for dei. Symaskinen kom ekstra godt med, for no måtte bestemor også syte for klede.
Og no kom det også for dagen ei underleg nyheit: Petra var opphavet til «personane» som har forarga så inderleg ein del folk i Barstadvik. Petra vedgjekk at det var ho som i ungdommen hadde skapt Sjur i Skaret og Hallstein i Oksegylet, som ho skreiv om i ungdomslaget sitt lagsblad.
Petra var som einaste kvinne innom kommunestyret, men der treivst ho dårleg, i lag med karar som var nokså inngrodde i tenkjemåten. Så ho takka for laget ved neste val. Det var hennar eigne ord.
Petra var eit forstandig menneske, ærleg og rettferdig i ord og gjerning. Ho hadde eit mot som få andre. Og ho vedgjekk gjerne sin eine store feil: – Eg var ofte vanskeleg å ha med å gjere, for eg var så sta. Men sikkert må ein tru at det ofte også var til hjelp for å kome gjennom livet som einsleg gardkjerring.
På slutten fekk ho vanskar med å greie seg sjølv, så ho kom på gamleheimen. Siste året ho levde, prata ho ofte om at ho lengta til det lova landet, der sjukdom og plage ikkje finst. Ho døydde 94 år gammal.
Mor til Petra heitte Marie, ikkje Johanne